Sogn.no skapar engasjement!

 

Sogn.no har vore live i ein knapp månad og tilbakemeldingane let ikkje vente på seg. Ynskjer om fleire bygder, gode historiar og inspirerande bilete er noko av det vi har fått tilsendt.

Men det som har skapt mest engasjement er subway-kartet. Avstandar, nye ruter, båtrute til Bergen, avstanden til Jotunheimen og Oslo. Andre foreslår eit interaktivt kart med meir informasjon, som syner ledige tomter, kvar det er sykkelsti og mest snø og minst folk. Ein ny og oppdatert versjon av kartet kan vi garantere at vil dukke opp i løpet av vinteren.

Vi arbeida no ei kategorisering av alle innspela og vil etter jul byrje arbeidet med utviklinga av neste versjon av Sogn.no, men er framleis både tid og rom for fleire idear - send dei over til line@sognnaring.no

 
aktueltLine Bjelde