Spennande høgskulekurs for reiselivet
Temabaserte opplevingar og storytelling eller Grønn destinasjonsutvikling. I vår kan du som tilsett i reiselivet ta flotte kurs heilt gratis som nettundervisning ved Høgskulen på Vestlandet.
Reiselivsnæringa i Norge har store utfordringar . Ein viktig føresetnad for å halde på og stimulere vekst i ein sunn og bærekraftig reiselivsnæring, er tilgang på relevant og god kompetanse.
Kurset i «Special Interest Tourism and Storytelling» skal gi deg kunnskap om produktutvikling innan tema- og nisjebasert reiseliv. Du lærer korleis du kan nytte kulturelle ressursar, både fysiske og immaterielle frå ide til ferdig utvikla oppleving. Storytelling vert ofte nytta i tematiserte opplevingar, og ein sentral del av kurset er difor historiefortelling som verktøy.
Kurset i «Green Tourism Planning and Development» skal gi deg kunnskap om korleis planlegge og utvikle ein bærekraftig destinasjon. Du lærer teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar som kan nyttast i arbeidet med bærekraftig og grønn destinasjonsutvikling og helskapleg reiselivsplanlegging. Du lærer og om marknadsføring av reisemål, både nasjonalt og internasjonalt, og du får ei innføring i prosjektutvikling.
Kursene er på 7,5 studiepoeng og rettar seg primært mot deg som er knytt til reiselivsbransjen.
Meir informasjon og påmelding til kurset på HVL sine nettsider.