Stian skal vidareutvikle FUS-strukturen
-Eg er sogning, og eg gler meg til å gjere mitt for at Sogn skal bli ein attraktiv stad å bu samt skape og drive næring. Eg ser også fram til å legge til rette for at næringslivet har gode møteplassar, seier Stian Hofslundsengen som er tilsett i eit engasjement som rådgjevar i Sogn Næring.
-Vi er glade for å få Stian Hofslundsengen med oss på Sogn Næring-laget, seier dagleg leiar Torgeir Skålid. -Stian skal framover ha ansvar for å vidareutvikle FUS-strukturen og alle arrangementa til Sogn Næring.
Stian er IT-utdanna og har lang fartstid som IT-konsulent ved Høgskulen på Vestlandet. Han kjem no frå stilinga som dagleg leiar i Sogndal Fjellsport AS, selskapet som mellom anna står bak den årlege Fjellsportfestivalen som nettopp gjekk av stabelen. Som nybakt pappa er han i pappapermisjon neste veke, men tek til hjå oss i Sogn Næring i løpet av kort tid.
16. mars opnar den 5 FUS-lokasjonen i Lærdal. FUS er ein distribuert struktur av arbeidsfellesskap i Sogn. Arbeidsfellesskapa vert drifta av private og offentlege aktørar, og kommunane har avtalar om kapasitet til prioriterte grupper som gründerar, bedriftssamarbeid, studentar på høgare nivå mm. Sogn Næring driftar dei kommunale plassane, lagar arrangement og nettverksaktivitetar og bygger ein digital infrastruktur som knyt sentera i Sogn saman. Du finn nå FUS i Vik, Leikanger, Kauganger, Campus Sogndal og Lærdal, og Stian Hofslundsengen får no eit hovudansvar for å utvikle og drifte strukturen.
Arrangementsportefølgen til Sogn Næring har vakse dei siste åra. 2 vekentlege lunsjsamlingar, frukostmøte, konferansar, kurs og studieturar utgjer ein viktig del av oppdraga våre frå både kommunar, næringshage, region og bedrifter. Hofslunsengen får no ansvar for heile portefølgen, og har store ambisjonar:
-Eg brenn for å samle folk. Når ein samlar folk, skjer det noko, seier Stian. -Eg har hatt arbeidsplassen min på FUS Campus Sogndal i tre år. Gjennom den tida har eg møtt mange spennande folk, vore med på spennande arrangement og fått utvikle både arbeidsplassen min, Fjellsportarrangementa våre og meg sjølv. Så at attraktive arbeidsfellesskap er viktig, det er eg sjølv eit prov på.