Korleis knytte studentane nærmare lokalsamfunnet?
-Mellom anna at dei kan hjelpe næringslivet, offentleg sektor og frivillig organisasjonar med å løyse ekte problemstillingar.
HVL Skape er eit studenttilbod ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) som skal gi alle studentane moglegheit til å samle kunnskap og verktøy innanfor innovasjon og entreprenørskap. Saman med studentassistentane Jim Skarstein og Lars Røyrhus har Ida Ramsfjell starta arbeidet med å etablere tilbodet ved Campus Sogndal. Ein av aktivitetane dei ynsker å starte er «workshops» med ekte «case» (problemstillingar) frå lokalsamfunnet. Målet med workshopane er å knytte studentar og lokalsamfunnet tettare saman gjennom å skape ein arena der studentane kan komme med sine tankar og idéar til ekte problemstillingar. Vi meinar at studentar kan angripe problemstillingar med nye auge og komme fram til kreative løysingar for bedriftene.
Dette skal vere ein lågterskelaktivitet på ettermiddagane. Første case arrangerast 16. november, og her kjem ein representant frå Fresvik Bygdelag. Dei ynskjer å få nye auge og tankar rundt korleis ein kan bruke eit stort og unytta bygg med mykje potensiale i Fresvik.
Ettermiddagen byrjar med gratis middag der studentane får moglegheit til å møte andre studentar og knytte nye kontaktar. Deretter skal representanten for bedrifta leggje fram caset som studentane skal jobbe med i mindre grupper. Workshopen avsluttast med ei oppsummering av studentane sine idéar, og tanken er at bedrifta reise heim med nye innspel kring sin problemstilling, i tillegg til å ha fått møtt innovative og engasjerte studentar.
Sitt du med ein aktuell problemstilling som du ynskjer at studentane på HVL skal forsøke å løyse? Eller har du spørsmål om HVL Skape? Ta gjerne kontakt med Ida på Ida@sognnaring.no.