Studietur til Eidfjord 10-11 okt

 

Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad og Vik kommune inviterar til studietur til Eidfjord 10-11.oktober 2022 i samband med reiselivssatsinga i kommuna.

Tema for turen er utvikling av lokale reiselivsprodukt. I samband med auka i antal cruise anløp til Vik kommune har kommuna og næringsliv auka satsinga på reiseliv. Eidfjord kommune i Hardanger har dei siste åra opparbeida ei yrande reiselivsnæring, og har arbeida med cruise i lang tid. På turen vil vi møte lokale reiselivsaktørar for å sjå koleis dei arbeide med cruise og reiseliv generelt. Vi vil også møte representantar frå kommuna og næringslaget som vil fortelje om deira erfaring med cruise og reiseliv.

Påmelding til turen er bindande. Pris 700,- for overnatting 1 natt inkludert frukost, lunsj og middag. Målgruppa er reiselivsbedrifter i Vik kommune.


Påmelding

Fyll ut skjema for påmelding her

Program

Meir info om transport kjem

Måndag 10. oktober

kl 10 avreise Vikøyri

kl 12-14 ankomst, innsjekk, lunsj Vøringfoss hotell

kl 14-18 omvisning i Eidfjord, snakke med lokale reiselivsaktørar (cruisekaien, rib, kajakk, kafe, butikk)

kl 19-22 middag

Overnatting m/frukost

Tirsdag 11. oktober (8-20 Anløp AIDAperla)

Kl 9-10 Tur med Trolltoget i Eidfjord

Kl 11-12 Sjå på liv & røra i sentrum

Kl 12-13 omvisning i Eidfjord, snakke med lokale aktørar (kommune, cruisekaien næringlag)

Kl 13-14 lunsj Fjell & Fjord Kafe og Kremmeri

Heimreise


Ved spørsmål om arrangementet ta kontakt med Karoline Søvik Myklebust på karoline@sognnaring.no