Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Vestland fylkeskommune lyser no ut midlar til regionale tilretteleggingstiltak innan landbruk og landbruksbaserte næringar.

Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.

Prioriteringar i 2022

  • Positivt omdømme og synleggjering av moglegheiter i næringa

  • Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt og legge grunnlag for fleire vekstbedrifter

  • Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima

  • Eit moderne driftsapparat med lausdrift i mjølkeproduksjon

  • Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg

  • Styrke verdikjeda for lokalt trevirke

  • Auka tilbod og lønsemd innan IPT

  • Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv

Les meir på Vestland Fylkeskommune sine nettsider eller ta kontakt med oss for spørsmål om ordninga.

aktueltKaroline Myklebust