No kan du søke om støtte frå kommunalt næringsfond i Sogndal
Søknadsfristen gjekk ut 15. mai 2021, og søknadane er no under handsaming. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring om du ønskjer ein prat om potensielle finansieringskjelder for ditt prosjekt
——————————————————————
Du finn søknadsportalen til fondet her.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd nye midlar til kommunale næringsfond som tiltak mot koronakrisa. Sogndal kommune fekk tildelt kr. 2.743.000 i denne runden. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.
Formannskapet i Sogndal kommune vedtok i møte 28. april å lyse ut midlane. Søknadsfrist er sett til 15. mai. Det vart og vedteke retningslinjer for fondet.
Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.
I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:
i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
kor raskt tiltaket kan setjast i gang.
Informasjon om dette må framkome i søknadane.
Du finn søknadsportalen til fondet her.
Vi anbefaler at alle søkarar set seg godt inn i retningslinjene. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring på post@sognnaring.no om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.