Vel gjennomført energiworkshop med ENØK senteret

Saman med ENØK senteret arrangerte vi energiworkshop for bedrifter i Vik og i Sogndal. Gjennom kursseansen gav ENØK-senteret innspel til kva som er vere aktuelt å gjere for å redusere energibruken i kvardagen. Det blei satt fokus på lavthengande tiltak som kan gjerast på kort sikt på eksisterande tekniske anlegg. Det er tiltak som ikkje krev investeringar eller svært lave kostnadar. Samtidig som dei kom inn på kva som kan vere aktuelt sette fokus på kvalitetar ved rehabilitering tekniske anlegg. Eit anna viktig tema var ENOVA si strømstøtteordning og krava rundt denne ordninga. Her fekk bedriftene stille spørsmål til ordninga, og korleis ein søker på denne. Mange hadde spørsmål kring energikartlegging som er eit krav for å kunne søke om støtte.


Ein kort oppsummering av ordninga med søkefrist 9.desember

Ordninga er tredelt:
1. Direkte og søknadsbasert tilskotsordning som gir 25% stønad for straumpris over 70 øre/kWh. Stønaden krevjar at verksemda gjennomførar ei energikartlegging, eks gjennom Enovas mal, og legg denne ved søknaden.

2. Ytterlegare stønad på 20% for straumpris over 70/kWh om verksemda også pliktar seg til å gjennomføre ENØK-tiltak innan to år.

3. Opptil 50% tilskot til ENØK-tiltaket, utbetalast ved gjennomført tiltak.
I tillegg finns det ein lånegarantiordning for å sikre likviditet. Øvste grense for lånebeløp er sett til 50 mill. kr per føretak/konsern.

Kven kvalifiserar til støtte?

Både ordninga med støtte til straumkostnadar og ENØK-tiltak, og lånegarantiordninga, gjeld for verksemder med strømintensitet på 3%, rekna ut slik at strømkostnadene for bedrifter første halvår 2022 må utgjer minst 3% av omsetninga.

Når trer ordninga i kraft, og kor lenge varar den?

Ordninga gjeld i tre månader: oktober, november og desember.

Eventuell forlenging og oppskalering vil bli vurdert før nyttår 2022.

Utbetaling av stønad kan tidligast skje i november. Gjennomført energikartlegging og oktober-faktura ligg til grunn for utbetaling.

Lånegarantiordninga skal opne i november vare til våren 2023.

Ramme for ordninga

Høgaste utbetaling per verksemd er 5 mill. kr i total støtte til straumkostnadar og ENØK.

Maksimum 3,5 mill. til direkte straumstønad per verksemd.

Gjennomførte ENØK-tiltak får ikkje stønad.

Utbytterestriksjonar

Verksemder som mottar straumstønad vil ikkje kunne utbetale utbytte i 2023.

Karoline Myklebust