Retningslinjer for påmelding - Fjellpitch 2025

Velkommen til Fjellpitch, ein spennande konkurranse arrangert av Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland, og HVL Skape på Fjellsportfestivalen! Vi ser fram til å motta kreative og innovative forretningsidéar frå gründerar som ønsker å markere seg i næringslivet.

Målgruppe

Fjellpitch er open for enkeltpersonar eller team som har ein nyskapande forretningsidé og ønsker å ta steget inn i gründerverda. For å kunne delta, må deltakarane ikkje vere ein del av eit inkubatorprogram eller næringshageprogram. Konkurransen er retta mot dei som søkjer å etablere seg sjølvstendig.

Firmaets status

Deltakarar må representere ein forretningsidé eller eit selskap som har vore etablert i mindre enn to år ved påmeldingstidspunktet. Dette gjeld for å sikre at konkurransen gir moglegheit for nystartede bedrifter å få naudsynt støtte og merksemd.

Firmaet må være lokalisert i Sogn & Fjordane.

Eige vilkår for studentpris

For å kvalifisera til å kjempa om studentprisen må følgjande vilkår vera oppfylt:

  • Man må være HVL-student i Sogn & Fjordane ved et bachelor- eller masterprogram (Du kvalifiserer altså ikkje til denne prisen hvis du kun tar eit enkeltemne)

  • Forretningsidéen må være etablert i mindre enn to år ved påmeldingstidspunktet.

  • Det må bli gjennomført minimum to uavhengige pitcher fra kvalifiserte studentar. Blir det kun gjennomført ein pitch beståande av studentar vil ikkje studentprisen bli delt ut.

  • Dersom du har fått tidligfasefinansiering fra HVL Skape før, kan du ikke få igjen for samme idé - men du har fortsatt moglegheit til å stikke av med de andre prisene

Påmelding

Påmelding skjer elektronisk via vår nettside.

Frist for påmelding er torsdag 13. februar 2025. Alle pitcherar blir kontakta 14. februar 2025, og dei som får plass i konkurransen får beskjed om dette. Pitchetrening blir sett opp måndag 17. februar og tysdag 18. februar 2025. Påmeldingsskjemaet må fyllast ut fullstendig, inkludert ein kort beskriving av forretningsidéen, og korleis ho skil seg ut i markedet.

Utvelging

Innsende forretningsidéar vil bli vurdert av ein kompetent jury beståande av representantar frå Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland, HVL, og Innovasjon Norge.

Kriterium for utvelging inkluderer innovasjon, marknadspotensial, berekraft og gjennomførbarheit.

Dei utvalde deltakarane vil bli varsla innan 14. februar 2025.

Pitchdagen

Dei utvalde deltakarane vil få høve til å presentere forretningsidéane sine under Fjellpitch, som vil bli arrangert på Quality Hotel Sogndal 20. februar 2025.

Kvar deltakar eller team vil ha ein fastsett tid for si presentasjon, inkludert spørsmål og svar frå juryen.

Juryen vil kunngjere vinnarane etter at alle presentasjonane er gjennomførte.

Prisar

Årets Fjellpitch: 40.000kr frå Sparebanken Vest, rådgivingstimar frå PwC til ein verdi av 10.000 kr, og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr.

Studentprisen: 10.000kr frå HVL Skape si tidlegfasefinansiering. Eige vilkår gjeld.

Publikumsprisen: 10.000kr frå Sparebanken Vest, helgepass i Sogndal Skisenter, billett til Innovasjonsdagen 2025 og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr.

Vi oppmodar alle ambisiøse gründerar til å delta i Fjellpitch-konkurransen og dele dei unike forretningsidéane sine med oss. Lukke til!

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med ein av arrangørane:

Stig Ove Rygg, Kunnskapsparken Vestland - stig@kpvest.no

Frida Pedersen Bekkestad, HVL Skape - frida.pedersen.bekkestad@hvl.no

Bård Basberg, Sogn Næring - bard@sognnaring.no