Sogn Næring- kva gjer me?

Etablerar-hjelp

I Sogndal skal det vere lett å starte eiga verksemd. Rammevilkåra for vekst og utvikling ligg godt tilrette. - med mange andre gründerar samla under same tak på Fosshaugane Campus, tilbyr me eit godt miljø for deg som ynskjer å skape nye arbeidsplassar!

 

FOSSHAUGANE CAMPUS OG NYSKAPANDE FRILUFTSLIV

Pådrivar for å skape synergiar mellom aktørane på Fosshaugane Campus, og stimulere til vidare utvikling.

Katalysator for satsing innan reiseliv og turisme, og bidra til auka lokal verdiskaping.

NETTVERK

Etablere og utvikle nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar.

 

MARKNADSFØRING

Synleggjere kommunene og regionen som attraktiv lokaliseringsstad for verksemder i privat og offentleg sektor.

 

SOGNDAL SOM REGIONSENTER

Stimulere utvikling av handelsnæringa og nye attraktive næringsareal.