Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn for lokalt næringsliv

Saman med Sogndal, Vik og Luster kommune har vi jobba med prosjektet Kraftoverskot som konkurransefortrinn for lokalt næringsliv i Sogn. Prosjektet fekk støtte frå Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga, og er eit spleiselag mellom kommunane, Sognekraft og Sogn Næring. Prosjektet hadde ei komplett kostnadsramme på 1 190 000 og ein prosjektperiode på 14 månadar. Sogn Næring har leia prosjektet med representantar frå Sognekraft, Sogndal kommune, Vik kommune og Luster kommune i styringsgruppa.

No er prosjektet sluttført og det har mellom anna resultert i endra mandat for Sognekraft, der eit av tiltaka Sognekraft har iverksett er etableringa av Sogn Utvikling. Vidare har prosjektet bidratt inn i utviklinga av BAKT-strategien (Bustad, Arbeid, Klima og Transport) Denne strategien kan du lese meir om her).

Vestlandsforsking har vore ein viktig del av prosjektet og levert ein grundig rapport som svarar ut arbeidspakke 1, 2 og 3. Desse pakkane innheldt ei kartlegging av dei store utsleppssektorane, det grøne potensialet i digitalisering og automatisering og sirkulære verdikjeder med utgangspunkt i fornybar energi.

Rapporten frå Vestlandsforsking og sluttrapporten for prosjektet kan du lese ved å klikke på linkene under.

Rapporten til Vestlandsforsking

Sluttrapport

Funna i prosjektet vert jobba vidare med i Sogn Utvikling og to nye prosjekt det er søkt midlar til gjennom Vestland Fylkeskommune. Grøn næringsutvikling er eit viktig satsingsområde som vi kjem til å fokusere på og arbeide mykje med i tida framover.

Har du spørsmål eller innspel til tema er det berre å ta kontakt med oss.

Neste
Neste

Sogn for alle - Spire