Næringsutvikling i nye Sogndal kommune
Prosjektstart:
2017
Vår rolle:
Prosjektleiar
Om prosjektet:
Kommunane ønskjer eit offensiv og robust næringsapparat som skal utvikle næringslivet i den nye kommunen og målsetjinga med prosjektet er å gje næringssatsinga i den nye kommunen ei god organisering og gode føresetnader, rammevilkår og ei brei forankring.
Rådmennene i Sogndal-, Leikanger- og Balestrand kommune bestilte ei utgreiing som skisserer vegen mot 01.01.2020 og organisering av næringsarbeidet i nye Sogndal kommune.
Rapporten gjev i tillegg eit oversyn over:
Eksisterande næringsstruktur
Eksisterande kommunale planverk
Det pågåande kommunale næringsarbeidet
Verkemiddelapparatet sitt arbeid
Rapporten syner kva ressursar kommunane har nytta på næringsutvikling dei siste åra, og korleis næringsarbeidet er knytt til nærliggande område som landbruk, bustadutvikling, rekruttering, reiseliv og eventuelt anna som ofte naturleg fell under ein næringsmedarbeidar sitt ansvarsfelt.