Rekruttering tilflyttarar

Prosjektstart:

2017

Vår rolle:

Arrangør

Om prosjektet:

Vi har hatt rekrutteringsarangement under Fjellsportfestivalen to år på rad. Her har vi ønskja å treffe potenielle tilflyttarar og andre som er interesserte i næringslivet i regionen. Det har vore ein uformell møteplass, der næringslivet i Sogn har presentert seg, og interesserte har fått presentere seg og ideen eller interessene sine.

I 2017 arrangerte vi ein konkurranse saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, der dei som pitcha fram ideen sin på beste måte, vann gründerhjelp og startpakke. Dette vart starten for gründerbedrifta Sognefjord Kaffibrenneri.

I 2018 oppsummerte vi arrangementet slik:

Vi har hatt ei flott helg på Fjellsportfestivalen der vi, saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Balestrand kommune, nytta høvet til å bruke festivalen også som eit treffpunkt mellom næringsliv og potensielle tilflyttarar og andre som er interesserte i næringslivet i regionen.

Vi var omlag 50 personar samla, og starta arrangementet med 16 bedriftspresentasjonar på 5 minuttar kvar, og deretter halvanna time med uformell mingling med enkel tapas. Både næringsliv og deltakarar var godt nøgde med møteplassen - og til neste år ynskjer vi oss enno fleire påmeldte festivaldeltakarar!

Tusen takk til alle som deltok på arrangementet: 

Highsoft, Drople, PwC, Direktoratet for forvaltning og ikt - Difi, Rocketfarm, Falkeblikk Film Production, Deloitte, Norconsult, Sognenett, Driftig i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jatak AS, Wyssen Avalanche Control, Sognefjord Kaffibrenneri, Arkitektkontoret 4B, Porten.no, Nlink As.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nyskapande friluftsliv

Neste
Neste

Høyringsinstans