Næringshageprogrammet i Sogn

Næringshageprogrammet skal bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, ved å legge til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter. Vi skal bruke vår lokale kunnskap og vårt regionale nettverk til å hjelpe bedrifter med å utvikle og omstille seg.

Saman med Sognefjorden Næringshage AS driftar Sogn Næring As det nasjonale næringshageprogrammet. Dette betyr at vi kan yte rabatterte tenester til bedriftene, gjennom støtte frå SIVA og Vestland Fylkeskommune.

Hovudmålsetjinga til næringshageprogrammet er å bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, gjennom å leggje til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter. Programmet har følgjande mål:

  • Auka verdiskaping

  • Fleire berekraftige bedrifter

  • Nye marknadsmoglegheiter

  • Auka digitalisering og industriutvikling

  • Tilgang til relevante nettverk

  • Relevant og effektivt verkemiddel for bedriftene i Distrikts-Noreg

  • Økt samhandling mellom relevante verkemiddel

 

FAQ - Ofte stilte spørsmål

  • En næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftene tenester som bedriftsrådgivning, hjelp til utvikling av forretningsidéer, markedsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgaver til en subsidiert kostnad.

    Næringshagen skal være en aktiv tilbyder og tilrettelegger av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt være en attraktiv møteplass og samhandlingsarena for bedriftene. ​

    En viktig oppgave for næringshagene er å koble bedriftene opp til relevante fagmiljøer, FoU-miljøer, andre innovasjonsselskaper, investeringsmiljøer, samt offentlig virkemiddelapparat. ​

  • Næringshageprogrammet er eit tilbod til alle - både gründerar, nye og gamle bedrifter. Målbedrifter som samarbeider med Sogn Næringshage får tilgang til skreddarsydd rådgiving og rettleiing. Ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi saman kan auke verdiskaping i Sogn.

  • Verdien av teneste eller ytingar som blir gitt til målbedrifta gjennom næringshageprogrammet kan ikkje overstige 50 prosent av marknadsprisen på tilsvarande teneste. Det betyr at målbedrifta må betale ein eigenandel på 50 prosent av marknadsprisen for desse tenestene.

  • Målbedrifta skal sjølv vise initiativ og bidra til ei god utvikling av næringshagemiljøet. Programoperatøren skal ha utviklingssamtalar med målbedrifta årleg, og partane forpliktar seg til gjensidig informasjonsutveksling.

 
 

Med ein visjon om å «Utvikle berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta» bidreg Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 39 næringshagar over heile landet. Sogn Næring As driftar Næringshageprogrammet i Sogn saman med Sognefjorden Næringshage As.

 
 

Vil du bli kontakta med meir informasjon om Næringshageprogrammet, og sjå på korleis vi kan hjelpe deg og bedrifta di? Legg igjen e-posten din her, så tek vi kontakt med deg!