Vekas bedrift: Livslyst-Elisabet brenn for eit levande sentrum
I den mørke tida lyser dei store vindusflatene til Livslyst i Sogndalsfjøra opp med julelys, glitrande kjolar og grantre i sølv. Elisabet Trædal lyser ikkje mindre enn vidaugsutstillinga, der ho i sesongkorrekte paljettar ønskjer kundar og forbipasserande velkomne inn på ein prat med eit stort smil.
Å bidra til og formidle Livslyst har vore grunntanken heilt sidan oppstarten av butikken i 2011, fortel Trædal. Både utanfor lokala og innanfør dørene skal folk bli inspirerte og engasjerte, og alltid vere velkomne inn for ein god samtale. På stativa møter du alt frå glitter og fargar, ull og silke, smykker og sko, til lakrissnøre og lys i alle fargar.
Vi ser at når verda er litt mørk, som no, tek designerane inn fargar og paljettar. Vi treng dei lyspunkta også. Det er jo Livslyst vi vil formidle. Vi har det alle, men ein kan miste den litt på vegen. Livslyst skal engasjere og inspirere, og gi folk rom til å føle seg vel.
Laurdag 25. november markerast Nisjebutikkens dag over heile landet. Dagen hyller det unike med dei små, sjølvstendige butikkane i bygd og by, og verdiskapinga desse står for i sine lokalmiljø. Det å vere ein nisjebutikk handlar om å tilby meir enn berre ein handel. Det er kvalitet, det er sørvis, det er levande sentrum, fortel den engasjerte butikkeigaren.
Vi håpar folk tenker over kva tilbod ein vil ha i sentrum der ein bur. Kva det betyr å ha lys i glasa. Og då betyr det noko kor kvar enkelt av oss legg att pengane sine. Det handlar om kva slags sentrum vi vil skape saman.
Sidan starten har Livslyst hatt ein tydelig profil. Dei skal levere høg kvalitet, plagg som kundane kjenner seg vel i, og som varar lenge.
– Vi har mange norske merker i sortimentet, og bak fleire av dei står det sterke kvinner. Kundane set pris på at det er kort veg frå design, til leverandør og til kunden. Vi opplever at Kundane våre er òg bevisste på at plagg skal vare og brukast i fleire samanhengar. Dei kjøper ein fin kjole som kan brukast i festlige lag, men også til kvardags med denimjakke og joggesko.
Søker du på livslyst på nett, er det ingen tvil om at dei held til i Sogn. I instagram-feeden deira finn du kjenningar som Dampskipkaien, Fjærland fjordstove og Gjest Baardsen-statuen. Dei tek bilda til nettbutikk og sosiale medium sjølv, brukar lokasjonar rundt i Sogn som folk kjenner seg att i, og menneske i alle aldrar som modellar. Målgruppa deira kan like gjerne vere 18-åringar som spreke 80-åringar, og dette mangfaldet viser att i bilda dei viser utad.
Det å vise fram dei vi jobbar med og området vi er i, skil oss frå andre. Framsnakking av kvarandre er så utrulig viktig. Vi sender turistane som er innom til kafeane og dei andre butikkane, og snakkar godt om kvarandre. Handel og sørvisnæringa i Sogndal jobbar saman for å få til ting, og det er eg utrulig stolt av å vere ein del av. Eg håpar enda fleire ser verdien av å stå saman om å skape det sentrumet vi ønskjer. Fleire tilbod gir meir aktivitet til alle, og det er rom og behov for at enda fleire engasjerer seg.
Dei forseggjorte utstillingane og det breie tilbodet i butikken er dei no to om. Elisabet og hennar kollega over mange år, Linda Døsen. Prisoppgangen gjer at folk prioriterer hardare kva dei brukar pengar på, og det merkar dei sjølvstendig næringsdrivande godt. No er det ikkje rom for å tilsette ekstra hjelp i butikken, eller bidra med sponsing av frivillig lag og organisasjonar over disken.
Det er hardt arbeid i økonomiske nedgangstider, men Elisabet og Linda er ikkje framande for å brette opp ermene og ta i eit tak for å komme seg gjennom det. Dei var tidlig ute med nettbutikk, og har ein trufast kundebase over heile landet. Dei har utvida tilbodet med second hand-avdeling med klede som har vore brukt på bildetakingar og liknande.
Vi fornyar oss stadig, og utforskar eventar og happeningar som kan gjere det attraktivt. Skal vi ha liv i sentrum også gjennom nedgangstider, må vi alle vere kreative og løysningsorienterte.
Elisabet Trædal sine tips for deg som vil starte sjølv:
Tenk godt igjennom motivasjonen din. Du må ha engasjement i botn, og vere glad i å jobbe. Det er hardt arbeid, spesielt dei første åra når du legg grunnlaget for å drive næringa di.
Snakk med dei andre som driv! Det er mange som har holdt på lenge, og vi deler erfaringar om kva vi har opplevd at fungerer og ikkje. Snakk med kvarandre, då kan vi også hjelpe kvarandre og snakke kvarandre opp.
Skal du drive nettbutikk, må du jobbe med den å utvikle den heile tida. det er ikkje hjelp i ein nettbutikk som ikkje er god!