Inviterer bedrifter til mentorprogrammet for å bli bedre på inkludering
Vil bedrifta di bli bedre på inkludering? Har de behov for arbeidskraft i åra som kjem? Mentorprogrammet gir verksemdene verktøy for å ta i mot alle menneske på arbeidsplassen.
Ein mangfaldig arbeidsplass aukar både trivsel og lønsemda til bedrifter, syner tal frå IMDI.
Jobben gjev mange av oss ein stad å høyre til, arbeidskameratar og ein inntekt å leve av. Du kan glede deg til helg og til feriane, du kan leggje deg trøytt og ha noko å stå opp til. Du lærer stadig noko nytt, du høyrer til ein stad. Ikkje alle kan søkje seg rett ut i ein ordinær jobb.
Å trene på ein god arbeidsplass er den beste måten å kvalifisere til arbeid. For mange som har kome flyttande til Noreg og Sogn, er det å vere i arbeid den beste måte å lære norsk på. Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr Sogn regionråd eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nykomlingane på arbeidsplassen.
Kva? Mentorprogrammet tilbyr opplæring til dei som tek i mot innvandrarar på arbeidsplassane. I programmet set me fokus på tema som rettleiing og kommunikasjon, kulturell variasjon, psykisk helse og arbeid og konflikthandtering. Deltakarane vil vere med å gje programmet form. Ved å melde på tilsette bidreg verksemda i Sogn regionråd sitt arbeid for integrering og inkludering.
Kven? Dette er for verksemder som tilbyr arbeidstrening eller har eit stort rekrutteringsbehov. Mentor er ein tilsett som ofte får ansvar for å ta i mot nytilsette og deltakarar på arbeids- og språktrening. Dei er tett på og er ein kjentmann i høve arbeidsoppgåver og livet elles på arbeidsplassen. Dei gjev opplæring, oppfølging og støtte og er motivert for å lære meir om det å vere mentor.
Korleis? Mentorprogrammet består av fem samlingar i perioden januar 2024 til mai 2024. Verksemda gjev dei tilsette fri for å delta og får tilbake kompetaseheving innanfor viktigefagområder. Samlingane vert haldne i Sogndal og er gratis. Vestland fylkeskommune finansierer programmet.
Er de interesserte? Påmelding til eirin.kormeset@sogndal.kommune.no. Før på namn, bedrift, e-post, telefonnummer og namn på leiar.