Kaupanger Sirkulære industripark er tatt opp som ein del av Grøn region Vestland sin vestlandsportefølje!
5. desember var Kommunalsjef Kristin Rundsveen Bøtun og dagleg leiar Line Bjelde til stade i Vestlandshuset i Bergen for å delta på lanseringa av Vestlandsporteføljen 2.0. Spenninga var stor da presentasjonen starta og gleden desto større da Kaupanger sirkulære biohub vart nemnt som ein av dei nye hubane i det som vert kalla team bio.
Kva er Grøn region Vestland
Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eig av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar.
Kva er ein biohub og kvifor skal me fokusere på det?
Det krev ei eiga sak å gjere godt greie for kva sirkulærøkonomi går ut på, men prinsippet er enkelt: I ei sirkulær tenking finnast ikkje avfall, det finnast berre råstoff som kan brukast til noko anna. Bio-omgrepet rommar alt som er basert på naturprodukt, kort for biologisk. I Sogn har me mykje av biologiske ressursar og me er nokså gode på å nytte dei biologiske ressursane til lokal verdiskaping. Det ligg likevel eit stort potensiale til å utnytte desse ressursane enda betre, og til å få betre forståing og kunnskap om kretslaupet til ressursane våre.
Hentar inn ekspertkompetanse
For å lukkast med prosjektet er me avhengig av at vi har rett kunnskap og kompetanse om kva som skal til for å utnytte dei ressursane me har på mest mogleg måte. Difor har me kopla på eit selskap som heiter Natural State. Dei skal sørge for at me lærer oss alt som er av materialstraumsanalyser og sirkulær økonomi.
Regional forankring
Sjølv om Grøn region Vestland peikar på Kaupanger som næringsområdet for huben, kjem prosjektet til å arbeide for heile Sogn som region. For å lukkast med det grøne skifte og ei satsing på sirkulærøkonomi som verkeleg skapar strukturelle endringar, er vi avhengig av å sjå regionen under eitt, med alt den har å by på. Frå industri, reiseliv, skogbruk, landbruk, fiskeoppdrett, digitalisering, kraft og etablering av ny kraftkrevjande industri.
Det er no arbeidet byrja og me gler oss til å ta fatt på det! Er du interessert i å høyre meir om prosjektet eller lære meir om sirkulærøkonomi, ta gjerne kontakt så koplar vi deg på! Du kan og lese meir om alle hubane og prosjektet på nettsida til Grøn region Vestland.