Ei nyttårshelsing frå Sogn Næring

I dag syner kalenderen 31. desember og 2023 er snart over. Mens kalkunen er i ovnen og me ventar på at kvelden skal kome, høver det godt med ein liten refleksjon over året som har gått. Kva har me lukkast med, kva kan me lære av og kva kan me gjere betre til neste år.

Det har vore eit år med store endringar i organisasjonen, me har har takka for innsatsen til to gode kollegaer og me har sagt velkommen til tre nye. Saman med Mette Bakketun i Sognefjorden Næringshage har me starta ny tiårsperiode med næringshageprogram, eit tett samarbeid har gjort Mette til ein forlenga del av teamet vårt. Når me går inn i 2024 er me eit team på 7 som er klare for å samskape, utvikle, utfordre og innovere, saman med lokalt næringsliv, oppdragsgivarane våre, Siva, fylkeskommunen og andre gode samarbeidspartnarar.

Kompetanseheving og møteplassar

Ein viktig del av oppdraget vårt er å legge til rette for gode møteplassar og kompetanseheving for lokalt næringsliv. Gjennom heile året har me gjennomført større og mindre arrangement, som lunsj med påfyll, frukostprat og næringspub. Saman med gode samarbeidspartnarar har me market kvinnedagen og verdsdagen for psykisk helse, tatt i mot gründere på Fjellpitch, latt oss inspirere på innovasjonsdagen Sogn, lært masse nytt om rekruttering på Folka på Skei og delt ut prisar under Næringskonferansen i Flåm. Me har reist på studietur til Berlin, Svalbard og Hardanger og hatt kurs i energisparing, salsteknikk, styrekurs og sosiale medier. Me kjem til å arbeide vidare med alle alle møteplassane og fleire til i året som kjem. Allereie kan du glede deg til Økonomidagen på Høgskulen, anbodskurs i Vik og Kick off for HR-nettverket. Kvinndagen vil bli markert og fjellpitch blir som alltid arrangert under Fjellsportfestivalen. Tilbakemeldingane me får er gode, det er viktig å ha møteplassar for å treffe andre og ha tilgang til relevant kompetanseheving. Til neste år er det spelt inn ynskje om leiarkurs, introduksjon til KI og linkedinkurs. Me er allereie i gang med å planlegge for fleire av tema.

Samarbeid med næringslivet

For å lukkast med oppdraget vårt er me avhegig av å samarbeide med lokalt næringsliv og prosjekta me arbeida med skal vere skapt av behova i næringslivet. Kaupanger sirkulære industripark og mat- og drikkeambassadør er eksempel på gode samarbeidsprosjekt, der næringslivet spelar ei avgjerande rolle for at me skal lukkast med arbeidet. Me er difor stolte over at Kaupanger sirkulære industripark er tatt opp som ny bio-hub i fylkeskommunen sitt prosjekt grøn region vestland. Og i arbeidet med å sette Sogn på kartet som mat og drikkeregion er me svært glade for å ha fått med oss Tonje Torvanger som vår eigen mat- og drikkeambassadør. Begge prosjekta er gode eksempel på kva ein kan oppnå når ein samarbeida på tvers av kommunar, lokalt renovasjonsselskap, lokalt næringsliv, verkemiddelapparatet, fylkeskommune og direktorat. Me ser fram til å arbeide vidare med begge prosjekta og fleire til, i 2024.

Tettare samarbeid i regionen, fornya tillit i Vik og sterke fagnettverk.

Som selskap har me alltid sagt me skal jobbe for næringsutvikling i Sogn. Skal me lukkast med det grøne skiftet, tiltrekke oss nok og rett kompetanse, vere ein attraktiv region, halde fram utviklinga av nye verksemder, produkter og tilbod er me sikre på at me må gjere det gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene. Det er difor gledeleg at Sogn kommunale oppgåvefellesskap er skipa og set samarbeid på agendaen. Større fagmiljø, fleire som løfter i lag og ein felles front mot utfordringane me står ovanfor er etter vår meining ei god oppskrift på å lukkast som region.

Me svært glade for fornya tillit frå Vik kommune og me ser fram til å halde fram arbeidet i kommunen. Gjennom samarbeidet me har hatt dei siste åra, kan me sjå kor viktig det er å sjå forbi kommunegreneser og heller sjå ting i samanheng. Fagnettverket While1create og HR-nettverket er gode eksempel på regionale initiativ, der privat og offentleg næringsliv samlar seg for å dele erfaring, lage større fagmiljø og gjere det meir attraktivt for sine tilsette å vere arbeidstakar i Sogn. Slike samarbeid og nettverk kan gi utslag for større utviklingsprosjekt, forskingsmidlar, nye tenester og produkt. Kanskje er det nettopp eit slikt nettverk som gjer at me lukkast å rekruttere akkurat den kompetansen som eitt av selskapa våre har bruk for.

Nytt år, nye utfordringar og nye moglegheiter

Etter ein liten årskavalkade må eg sei eg er stolt over det teamet mitt har oppnådd i år. Høg aktivitet, mange prosjekt, studieturar, kurs og møteplassar. Men skal me halde fram å vere eit attraktivt selskap for oppdragsgivarane våre lyt me halde fram i same tempo, alltid utfordre og utvikle oss. Aldri vere nøgd med gårsdagens løysingar og alltid vere svoltne på å lære.

Eg ser fram til eit nytt år der me skal jobbe for det grøne skiftet, sikre rett kompetanse til regioen, bidra til nye satsingar, samarbeidsprosjekt, konferansar og nettverk. Me skal halde fram med å vere dei som koplar, ser moglegheiter og utfordrar etablert praksis. Og me gler oss til å gjere det saman med resten av Sogn.

No skal fokuset rettast mot kalkunen og resten av dagen skal nytast saman med familie og vener.

Eg vil med dette få ynskje alle ei riktig god feiring i kveld og eit godt nyttår!

Beste helsing,

- Line

Gjengen kledd i flotte julegenserar

aktueltLine Bjeldeaktuelt