Slik bidreg du til å kartlegge korleis næringslivet i Sogn ligg an med berekraftsarbeid

Har du 8 minuttar til å bidra til Løypemeldingen 2023?

Formålet med utarbeidinga av Løypemeldingen er å auke innsikta i berekraftsarbeidet til ei større breidde av verksemder på tvers av Noreg - både kva som er status i berekraftsarbeidet, og kva verksemdene ser av moglegheiter og utfordringar i dette arbeidet.

PWC gjennomfører denne undersøkinga kvart år, for å følgje med på korleis næringslivet utviklar seg. For å gjere undersøkinga så nyttig som råd, treng dei svar frå di bedrift!

Undersøkinga tek omlag 8 minutt å gjennomføre, og resultatet blir presentert for bidragsytarane hausten 2023.

Svar på undersøkinga her: https://response.questback.com/bergennringsrd/wj6sbceylt

I løypemeldinga 2022 var hovudfunna for Sogn og Fjordane at:

  • Berekraft er strategisk integrert, men få jobbar med det i verksemdene

9 av 10 verksemder som svarte har integrert berekraft som ein del av sin strategi. Det er bra! Men ressursbruken i verksemdene på berekraftsarbeid er låg. Mange mindre verksemder har svart på undersøkinga, som kanskje ikkje har ressursar til at personar kan jobbe dedikert med berekraftsarbeidet. Kapasitet og ressursar er hovudutfordringa for at verksemdene skal kunne jobbe meir målretta for å nå berekraftsmåla sine, svarer bedriftene.

  • Få rapporterer etter internasjonale standardar

Kun 10 prosent av verksemdene svarer at dei rapporterer etter GHG-protokollen, som er det mest brukte rammeverket på verdsbasis for å rapportere utslepp i eit klimarekneskap. 62 prosent har gjort ei aktiv prioritering av FN sine berekraftsmål for si verksemd.

  • Rekruttering og samfunnsbidrag er hovudmotivasjon

Ikkje berre kundar og styresmakter påverkar berekraftsarbeidet til verksemdene. Det å vere attrativ for noverande og potensielle arbeidstakarar er ei viktig drivkraft.

  • Nær halvparten har satt Åpenheitslova på agendaen

heile 44 prosent har undersøkt eige forbetringspotensiale eller sett i gang tiltak etter Åpenheitslova kom. Eit godt tal! men kjennskapen til EU-taksonomien er litt låg. Kun 17 prosent av verksemdene som svarte har gjort klimarisikoanalysar. Det kan gjere verksemdene mindre budd på endring og svekke konkurransekrafta på sikt.

  • Fleire bør setje seg konkrete, talfesta mål

Utan målsettingar er det vanskeleg å måle framgang. Dei som sett seg mål, gjennomfører tiltak og viser til utsleppskutt er meir konkurransedyktige i eit samfunn der det er forventa at alle bidreg til det grøne skiftet.

Her kan du lese heile Løypemeldinga for 2022!