Opnar dørene til ny gjenbruksbutikk i Sogndal
Torsdag 8.juni får Sogndasfjøra ein bruktbutikk med ein vri som ikkje finst i Sogn frå før.
Med det ferske konseptet vil gründerane Elin og Mia Sande tilby Sogningane ein arena for å byte ut garderoben, samstudes som ein møter krava som kjem til gjenbruk av tekstilar.
– Konseptet går ut på at du som kunde kan leige ein plass i butikken vår, og så sel vi kleda du vil kvitte deg med for deg. Mot slutten av abonnementsperioden får du utbetalt omsetninga di, minus ein provisjon vi tek for salsjobben og promotering, fortel Mia.
Konseptet finst allereie i nokre av dei store byane i Noreg. Mia og Linn har tru på at sogningane er klare for det same.
– Ut ifrå tilbakemeldingane vi har fått, er dette noko som er sakna i bygda. Vi vil tilby ei god løysing på korleis ein kan kvitte seg med heile og reine klede på ein berekraftig måte.
Inviterer bygda til å fylle hyllene
No er det innspurt før opningsfest, og innspurt for å fylle hengarane med klede som treng nye eigarar. Sidan konseptet er nytt for mange, vil dei legge mykje innsats i å få ut bodskapet i oppstarten.
– No er det viktig at vi får fylt opp lokala slik at det blir eit spennande tilbod for dei som skal handle. Det er lett å booke plass på nettsida vår Omatte.no, og ein kan booke for så mange veker ein vil om gongen, forklarer Mia.
Rask oppstart
Idèen var Elin sin, som også er hovudeigar av butikken. Ho fekk med dottera Mia, som studerer moteindustri, på laget. Frå dei byrja å leike med tanken før jul, til butikken opnar 8. juni, har det gått fort.
– Vi kom med i eit oppstartsprogram gjennom Kunnskapsparken Vestland, og har fått god hjelp og støtte til å skrive søknadar og jobbe med ideen der. På Fjellpitch i februar fekk vi presentert ideen vår for verkemiddelapparatet, og det satte litt tempo i oss sidan vi måtte gjere ferdig logo og konsept til då, fortel Mia.
– Vi har også vore med på studietur saman med Sogn Næring til austlandet, der vi fekk sjå mange andre bra og berekraftige konsept.
Nerver før opning
Det siste halve året har Mia pendla mellom Oslo der ho studerer, og i Sogndal. No pakkar ho kofferten og kjem heim att, til siste innspurt før butikken deira opnar dørene for kundar.
– Det blir veldig spennande med opning. Det blir i alle fall kaker og brus, og så håpar vi sogningane vil ta turen for å sjekke ut konseptet vårt!
Du kan sjekke ut Omatte på Instagram, på nettsida deira og sjølvsagt treffe dei i lokala i Fjørevegen 10 frå og med torsdag 8. juni.