Innovasjon Norge lanserer nye finansieringsordningar
Innovasjon Norge lanserte i midten av mai store endringar i finansieringsordningane for oppstartsbedrifter. Vi har gått gjennom bakgrunnen for endringane, sett på dei nye moglegheitene og kva dei betyr for deg og gründerdraumen din!
Eitt av måla med Innovasjon Norge sine finansieringsordningar er at dei ønskjer "å følgje kundane steg for steg, og bidra til å byggje fleire robuste, berekraftige vekstselskap over tid som lykkast i internasjonale marknader". Dessverre viser undersøkingar Innovasjon Norge har gjort viser at mange bedrifter ikkje lykkast med reell kommersialisering, altså at selskapa når potensialet sitt og tener pengar. I tillegg kjem det fram at det er krevjande å hente arbeidskapital til skalering og vekst. Vidare har det i det siste vore ein stor nedgang på innvilga etableringstilskot.
For å tilpasse seg behovet har Innovasjon Norge lansert nye ordningar som skal vareta breidda i tidleg fase, og bidra til at dei beste lukkast med å skalere. Målet er at ein effektivt kan gi støtte til ei stor breidd tildligfase-gründerar, samtidig som ein spissar dei ytterlege finansieringsløysingane slik at dei aller beste oppstartsbedriftene lykkast med reell kommersialisering og skalering.
Dei nye oppstartsfinansieringsordningane er delte i tre fasar, knytt til stegvis utvikling på produkt og marknad.
Oppstartstilskot 1 - marknadsavklaring
Finansiering for å avklare marknaden for ideen din, kartleggje behovet til kundane og om det finst ein betalingsvillig marknad for løysinga di. Denne ordninga var tidlegare kjend som marknadsavklaringstilskot, og har no auka frå inntil 100.000 kroner til 200.000 kroner. I tillegg er ei vesentleg endring at ein no kan føre interne kostnader som lønn, noko som mellom anna gjere det enklare å finansiere tilsette.
Oppstartstilskot 2 - konseptutvikling og marknadsintroduksjon
Finansiering for å byggje bedrift, utvikle løysingar i samarbeid med reelle kundar, og etablere ein lønsam forretningsmodell. Denne ordninga var tidlegare kjend som kommersialiseringstilskot, og har no auka frå 700.000 kroner til 1 million kroner fordelte på to delar, gjennom ein milepæloppfølging. Desse milepælane er mellom anna at ein må sikre ein ekstern investor eller tilsvarande finansiering, og at ein må få inn ein ekstern i styret med relevant kompetanse.
Oppstartsfinansiering 3 - tilskot og lån til kommersialisering
Finansiering av organisasjonsutvikling, marknadsarbeid og forbetring av forretningsmodellen for å gjere bedrifta di klar for kommersielle sal. Ordninga "Oppstartslån" er vidareført med auka lånebeløp, og enkelte endringar i vilkår. I tillegg piloterer dei noko som heiter oppstartstilskot 3, som er eit finansieringstilskot på opp til 2 millionar kroner. Dette er for oppstartsbedrifter som blir rekna for å ha høgt verdiskapingspotensial, lange utviklingsløp og kapitalintensiv kommersialisering. Altså gründerselskap som kan vekse seg store og langt utanfor landegrensene våre :)
For meir informasjon om dei nye løysingane kan du lese på Innovasjon Norge sine sider, eller ta kontakt direkte med Vekst- og gründersenteret. Du kan sjølvsagt ta ein prat med oss om du har spørsmål også!