Fleire tusen besøker Lerum Cup. Det nyt næringslivet godt av
Rett under 4000 barn mellom 6-14 år deltek på cupen. Med foreldre, søsken, besteforeldre og kan vi rekna med 6-7000 menneske som kjem til Sogn denne helga, fortel Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal fotball.
825 kampar går av stabelen på baner fordelt på Kaupanger, Gaupne, Hafslo og Sogndal. Både Kaupanger IL, Bjørn IL og Sogndal fotballklubb har dugnadsfolk i aksjon, og for klubbane er arrangementet eit viktig tilskot til økonomien. Medan cupen går føre seg 22.-25. juni er kapasiteten hos hotell, campingplassar og den private utleigarmarknaden så godt som sprengt.
Cupen har samarbeidspartnarar frå heile næringslivet, som bidreg med alt frå avtalar for overnatting til pølser og saft. Verksemdene i Sogn har rigga seg for ei helg med stor aktivitet, fortel Nils Olav Øy som er butikksjef for Meny Sogndal.
– Det er ingen tvil om at Lerum Cup genererer meir omsetnad for heile bygda og regionen. Også hos oss på Meny som ligg midt i sentrum har me ei flott auke i omsetnad under cupen. Det er ei kjekk og hektisk helg for alle som driv med handel.
Øy trekk også fram verdien slike arrangement har for attraktiviteten til regionen på lang sikt. Mange opplever bygda for første gong - men kanskje ikkje siste.
– Det er flott reklame for heile regionen, då LerumCup trekk inn folk frå andre plassar i landet. Det skapar entusiasme hos alle oss lokalt, og forhåpentlegvis kan det trekke folk attende på besøk eller tilbake til cupen neste år.
Arrangement som dette med å bygge attraktivitet og sette Sogn på kartet på lang sikt, følgjer Teigen opp.
– Det å komma på anlegga her, få kjensla av å spele på banene og vere i bygda kan gi meirsmak, og gjera at Sogndal ligg langt framme i hovuda til ungdommane når dei skal søke skule og satse på fotball. Det legg eit grunnlag for at dei tenker Sogn når dei blir eldre.
Nils Olav Øy og Terje Teigen sine tips for korleis du kan vere klar for LerumCup:
Rigge og tilpasse drifta slik at du klarer å gjennomføre og skape ei god oppleving for alle kundar, både lokale og besøkande.
Det er ei hektisk helg, men det er viktig at vi klarer å ta vare på kundane og halda på smilet! Det er jo kjempemoro med Lerum Cup.
Vèret har mykje å seie! Små utfordringar kan bli store om det regnar. Er det sol er både stemnigna - og omsetnaden - ekstra god. Hald på humøret i møte med både dugnadsfolk og gjester.