Lukke til vidare, Stian og Birgitte!
Dei av dykk som kjenner oss og som har fulgt oss ei stund har sikkert merka at det har vore litt endringar i organisasjonen. I 2019 var vi eit selskap med to stykk som jobba for Sogndal kommune, i dag er vi seks stykk fordelt på fem og eit halvt årsverk, og vi jobbar i heile regionen.
Vår tidlegare leiar, Torgeir sa alltid; vi er unge og dynamiske. Kanskje er det litt av grunnen til at vi stadig er i endring, at vi er attraktive både som arbeidsplass og som arbeidstakarar? Og kanskje er det litt av forklaringa for at vi i løpet av dei siste to vekene har sagt takk for no til to dyktige og flotte medarbeidarar, Stian og Birgitte. Vi skulle så gjerne hatt dei med oss vidare, men vi er glade for å blitt kjend med dei, fått dele kontor, prosjekt, oppgåver og opplevingar. Stian blir å treffe hos Sparebanken Sogn og Fjordane, og Birgitte vender nasen heim til nord og Troms og Finnmark Fylkeskommune. Vi ønskjer dei masse lukke til vidare!
Som ny dagleg leiar kjennes det litt ut som å leie i eit oppstartsselskap, med stadig endring, vekst, folk inn og folk ut. Men sjølv om vi mistar to dyktige medarbeidarar er vi eit solid team som er klare for å halde fram med utviklinga av selskapet. Vi er motiverte for å arbeide med utvikling i heile Sogn, for å skape nye arbeidsplassar, nye prosjekt, spennande arrangement, nettverksarbeid og aktuelle møteplassar. Det er berre å følgje med vidare, vi gler oss til å starte opp att etter sommarferien!
Her finn du heile Sogn Næring-gjengen. Send gjerne ein e-post om du har ein idè eller eit utviklingsprosjekt du rugar på!