Næringsministeren var på plass under opninga av Infraplast i Lærdal
På tysdag fekk Lærdal besøk av næringsminister Jan Christian Vestre i samband med opninga av den heilt nye fabrikken til Infraplast. Infraplast driv med plastproduksjon, hovudsakleg av røyr og kabelvern. Sogn Næring var til stades under opninga, og vi har notert oss kva Næringsministeren meiner har lagt grunnlag for at bedrifta kunne starte i Lærdal.
Godt kommunalt samarbeid
Vestre løftar fram korleis kommunen, med ordførar Audun Mo i spissen har tilrettelagt for at bedrifta kunne etablere seg i Lærdal. Infraplast har i utgangspunktet si verksemd på Askøy, der dei har operert sidan 1967. I jakta si etter å utvide produksjon kom dei i kontakt med Lærdal Kommune, og har jobba med etableringa sidan 2019. Vestre peikar på at kommunen legg forholda til rette, og viser veg for andre kommunar. Den nye bedrifta sikrar omtrent 40 nye arbeidsplassar, samtidig som ho vil generere auka aktivitet i anna lokalt næringsliv.
Ein aktør som satsar innovasjon og berekraft
"Infraplast viser veg for gjenvinning og resirkulering, og er eit førebilete for norsk næringsliv" seier Næringsministeren. Infraplast arbeider kontinuerleg med å redusere det totale ressursforbruket sitt, mellom anna ved å nytte gjenvunnen plast om igjen så langt det lèt seg gjere. Ved å bruke gjenvunnen plast som råvare, sparer dei samfunnet for store mengder unødvendig avfall. Vestre meiner Norge har dei beste føresetnadene i verda for å leggje til rette for sirkulære løysingar, noko som også gjeld Infraplast. Delar av produksjonsmateriala deira kjem blant anna frå gjennvunen landbruksplast.
Infraplast si investering i Lærdal vil forhåpentleg inspirere andre etablerte aktørar til å etablere seg i Sogn.
PS: Fabrikken vart ikkje opna med tradisjonell snor-klipping!
Næringsministeren fekk æra av å saga over eit plastrøyr!