Fjord X - samarbeid og historieformidling er nøkkelen
I byrjinga av juli, litt etter planen, kom Arne Glenn Flåten og Fjord X i gong med sitt nye produkt med guida fjordcruise og sidersmaking i samarbeid med Alexander Haug og Cecilia Martti som driv Odelsgut på Fimreite. Samarbeidet kom i gang etter ein samtale mellom Flåten og “kårkallen” på Haug gard, Rune Haug. Når Alexander og Cecilia var klare, snekra dei saman ei pakke beståande av elsykkel-tur til Fimreite, Sidersmaking og båttur med Fjord X.
– Vi var einige om at i år er ein prøvesesong, og gjekk litt seint ut med produktet. Tilbakemeldingane frå turistane har vore veldig gode, så no tek vi ein evaluering og ser nok for oss å utvida tilbodet neste år, fortel Flåten.
Han skryt av det gründerane på Fimreite har fått til på garden. Ein viktig nøkkel for å nå ut med produktet til dei reisande har vore samarbeid med andre overnattingsverksemder i regionen, i tillegg til Vesterland som han sjølv driv. Flåten trekk fram Kjørnes Camping, Hofslund Fjordhotell og Skei hotell som gode aktørar å jobbe med, som har sendt mange gjester som er interesserte i historie og mat- og drikkekultur.
– Historieforteljinga er viktig for at turane våre er attraktive, spesielt historia om slaget på Fimreite. Vi har hatt tre pensjonistar i arbeid i sommar, Knut Henning Grepstad, Geir Ulstein og Rune Timberlid. Kunnskapen dei sit på om historie, samfunnet, politikk og så vidare er heilt unik, og det set turistane pris på. Berre demogriafien i Norge, at vegen til Fimreite vart bygd for tretti menneske som bur der ute, det er slikt turistane tykkjer er utrulig spennande. Det passar oss midt i blinken å jobbe med desse kunnskapsrike pensjonistane, fortel Flåten.