Kva er partia i Sogndal sin næringspolitikk?
Det er straks valdag! Har du ikkje landa kven som får di stemme enda? Det er ikkje for seint. Bruk stemma di for å få den utviklinga du har tru på i kommunen dei neste åra! Her kjem ei oppsummering av kva dei ni partia ( i alfabetisk rekkjefølgje) som stiller liste i Sogndal har som sine næringspolitiske kampsaker.
Arbeidarpartiet (AP):
At kommunen skal vera ein aktiv vertskommune for private og offentlege verksemder, skular og anna verksemd. Kommunen må sikra at den har god kunnskap og utfordrinar og behov.
At Sogndal kommune skal vere ein næringsvenleg kommune med god kompetanse som bidreg til nyskaping, innovasjon og vekst i arbeidslivet. Kommunen skal ha kapasitet til å ta godt imot både nye og etablerte verksemder, og medverka til å utvikle dei vidare.
Gjennom arealplanlegging og andre verkemiddel skal sikrast tilstrekkeleg næringsareal.
Vere pådriver for å auke i talet på læreplassar i kommunen, både i privat og offentleg næringsliv.
Framstegspartiet (FRP):
Vil jobbe for auka fokus på næringsetablering i kommunen og tilretteleggja for fleire einebustadar
Administrasjonen må også i større grad vera ein medspelar enn ein motspelar når nokon ynskjer å få til næring.
JA haldning og sunt bondevett inn i kommunal forvaltning og beslutningar
Høgre (H):
Fjerne formueskatt på arbeidande kapital
Det skal til ei kvar tid vere ledige lokale og næringsareal til å etablera eller ekspandera for næringslivet
Ha tilgjengeleg areal for grøn industri
Få på plass kompenserande tiltak ved stenging av Lærdalstunnellen
Verksemder i regionen skal behandlast likt innanfor sakshandsaming, anbod og vilkår
Kommunen skal i størst mogleg grad handla lokalt
Kommunen skal vera open og tydeleg i kommunikasjon med næringslivet
Få ned sakshandsamingstida på søknader om tiltak i byggebransjen og overhalde maksfrist for sakshandsaming
At innbyggjarar og andre interessentar må sikrast tidleg medverknad i utbyggingsprosjekt
Utvikling av Fjøra
Utvikling og realisering av planane for Saften i Leikanger
Utvikling av Holmatunet og sentrum i Balestrand
Kristeleg folkeparti (KrF):
KrF ynskjer at kommunen legg til rette for vekst og nyetablering, og held fram med å vere ein gründerkommune. Kommunen må arbeida aktivt for at fylkeskommunale tenester vert verande og at nye oppgåver vert lagde til kommunen. Kommunen skal fremja det grøne skiftet i næringslivet og prioritera bedrifter som vel klimasmarte løysingar.
leggja til rette for etablering av nye bedrifter og at etablerte bedrifter kan utvikla seg vidare
Sogndal kommune skal vere ein attraktiv stad for bærekraftige industriinvesteringar
Satsa på vidareutvikling av reiselivsprofilen til kommunen, spesielt i Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen
Leggja tilhøva til rette for at Høgskulen på Vestlandet får gode vilkår for vekst i Sogndal
At alle elevar skal ha gjennomført ein entreprenørskap-aktivitet i løpet av året - gjerne i samband med Ungt Entreprenørskap
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG):
Sikre at næringsavdelinga i kommunen jobbar med grøn omstilling og spelar på lag med det lokale næringslivet for å finne løysingar som sikra ei trygg og god grøn omstilling for både arbeidstakarar og bedrifter.
Sikre moglegheit for meir grøn turisme i kommunen, som baserer seg på kortreiste tenester og klimavenleg transport.
Sikre innkjøp av lokalproduserte produkt og tenester gjennom kommunale innkjøpsrutiner, og at det blir stilt klima- og miljøkrav ved innkjøp.
Undersøke moglegheita for innføring av turistskatt, der pengane går til drift og vedlikehald av kommunen sine offentlege tenesteområde som grøntområde, rasteplassar, stiar, sikringstiltak og tilgang til offentlege toalett.
Leggje til rette for utvikling av lokal kultur og tilgongen til natur, som eit grunnlag for kortreiste opplevingar for innbyggjarar og turistar.
Støtte eksisterande og stimulere til nyetablering av berekraftige,
Samvirkebaserte lokale og regionale verksemder som tek utgangspunkt i lokale ressusar og tenester.
Gjere det lettere for lokale mat- og drikkeprodusentar å selje produkta sine lokalt og regionalt.
Fremje nyetablering av verksemder innan gjenbruk, reparasjon og vedlikehald.
Arbeide for at alle verksemdene i Sogndal kommune, inkludert ommunen sjølv, blir sertifisert som miljøfyrtårn.
Arbeide for at turistbygdene våre kvalifiserer for Innovasjon Noreg si “Berekraftig reisemål”-merking
Gi økonomiske insentiv til dele-, utleige- og utlånsordningar etter modell av dagens bildelingsringar og bibliotek.
Innføre lett tilgjengeleg kjeldesortering av papir, plast og matavfall i det offentlege rom,og i offentlege bygg og næringsbygg, med skular som prioritert satsingsområde.
Bruke Sogn næring og andre støtteordningar til å stimulere fleire matforedlingsverksemder til å nytte lokale råvarer. Dette skal skje både ved økonomisk støtte og rettleiing.
Raudt (R):
Under overskrifta samfunnsutvikling og arbeidsplassar:
Raudt Sogndal ynskjer å utvikla lokalsamfunnet i fellesskap, basert på nærleik til tenester og arbeid. Me vil jobba for å behalda arbeidsplassar i kommunen og regionen og leggja til rette for at nye bedrifter skal kunne starte opp i kommunen. Raudt Sogndal ynskjer at kommunen vår skal stimulera til eit lokalt og sjølvstendig næringsliv, som sikrar eit mangfald av arbeidsplassar og ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.
Senterpartiet (SP):
Me vil ha tilgjengelege næringsareal i heile kommunen for mindre/ mellomstore bedrifter, i tillegg til større arealkrevjande verksemder
Legge til rette for satsing på grøn industri
Utnytta matproduksjon og merkevarebygging innan reiseliv og næringsutvikling.
Sikra vidare utvikling av forskingsmiljøet innan frukt og bær
Vidareutvikle Campus Sogndal innan kunnskapsbasert teneste-produksjon og sikra gode tenester for rettleiing til næringslivet og samarbeid på tvers av verkemiddelapparatet
Støtta planane om etablering av fjordsenteret «Fjordviten» i Fjærland
Halda fram utviklinga innan heilårs reise- og friluftsliv på ein berekraftig måte
Arbeida for å binda saman sterke reiselivstradisjonar sommarstid i Balestrand og Fjærland med vinterdestinasjonen Sogndal
Leggja til rette for aktivitetsbasert reiseliv, fjellsport og bruk av fjorden
Sosialistisk Venstreparti (SV):
Ha ein open næringspolitikk og satse på næringsutvikling i heile kommunen
Støtte lokale gründerar m.a. ved å ha rimelege kontor- og næringslokale
Ha effektive og målretta plan- og byggesaker
Bruke kommunale innkjøp til å styrke lokalt næringsliv, miljø og innovasjon
Gjere kommunen til ein føregangskommune for utvikling av grøn teknologi i samarbeid med lokalt næringsliv, høgskule og forskingsorganisasjonar
Styrke dei kommunale næringsmidlane og den kommunale næringsadministrasjonen
Styrke vertskommunerolla for HVL og medverka til eit godt samarbeid mellom HVL, kommune og lokalt næringsliv
Venstre (V):
Følgja opp masterplanen for reiseliv i Sogn, og sikra berekraftig besøksforvaltnig
Ha ein strategi og leggja til rette for grønt og småskala landbruk
Etablera næringsfond som stimulerer grøn omstilling og initiativ. Til dømes investeringar i energieffektivisering, grøn teknologi, eller andre miljøvenlege løysingar
Jobba for at Campus Sogndal blir satsa på i eit nytt Vestlandsuniversitet
Styrkja det strategiske arbeidet med å utvikla Leikanger og Sogndal som lokalisering for offentleg forvaltning, forsking og utdanning
Ha ein aktiv innkjøpspolitikk som stimulerer grøne grep og gjer det enklare for små og mellomstore verksemder å konkurrere,. til dømes ved å dela opp kjøp i delkontraktar.
Samarbeida med frivillige og andre aktørar om sosialt entrepenørskap og nye tenestemodellar som skaper verdiar for lokalsamfunnet
Jobba for at Marheim blir realisert
Private og offentlege verksemder skal kunne stola på at kommunen har gode og tilgjengelege tenester, i tråd med kva dagens arbeidstakarar forventar