Digitalt kart over reparasjon og ombrukstilbod i Sogn
Saman med SIMAS og Sogndal Kommune har vi laga eit kart som syner tilbod for reparasjon og ombruk i heile regionen. Kartet er utvikla som ein del av eit samarbeidsprosjekt, og gir oversikt over korleis ein kan kan reparere, gjenbruke og ombruke produkt i staden for å kaste dei. Vi ynskjer å løfte fram aktørane som jobbar med sirkulære løysingar, og håpar dette kartet vil vere med å auke synlegheit og auka interesse i reparasjon og ombruk.
Kartet fungerer som eit praktisk hjelpemiddel for alle som ynskjer gjere meir berekraftige val i kvardagen. I ei tid prega av overforbruk og aukande avfallsmengder er det viktigare enn nokon gong å gjere gode val. Dette tiltaket gjer det enklare for folk i Sogn å finne lokale tilbod der ting kan få nytt liv. Frå skomakarar og sykkelreparatørar til aktørar som handterer brukte møblar og elektriske artiklar, viser kartet at det finst mange ressursar i regionen som gjer sirkulære løysingar mogleg.
Ein del av eit større skifte
Inspirasjon til kartet kan mellom anna hentast frå liknande initiativ som det Sirkulære Viken har utvikla. Omtalen av slike kart viser kor viktig det er å skape medvit om dei moglegheitene som allereie finst i lokalsamfunna. Mange av oss tenkjer ikkje over at vi faktisk kan reparere, leige eller kjøpe brukt på ein enkel måte. Eit oversiktleg kart kan vere det som skal til for å endre haldningar og bruksmønster.
Reparasjon og ombruk er ikkje berre eit lokalt tiltak, men ein del av ei global rørsle for å redusere klimautslepp, ta vare på ressursane og skape meir berekraftige samfunn. Når vi forlenger levetida til produkta gjennom reparasjon og ombruk, minkar behovet for nye varer, noko som reduserer det samla ressursforbruket og forureininga.
Med kartet over reparasjons- og ombrukstilbod i Sogn får folk betre tilgang på sirkulære løysingar, noko som gjer det enklare å bidra til berekraftig utvikling. Små val som reparasjon av ei jakke eller bruktkjøp av eit bord kan verke smått, men saman utgjer desse vala eit stort bidrag til å redusere avfall og fotavtrykket vårt på planeten.
Eit verktøy for eit meir sirkulært Sogn
Med stadig aukande fokus på sirkulærøkonomi, vil kartet fungere som eit nyttig verktøy for innbyggjarar og verksemder. Det gjev ei tydeleg påminning om at framtida ligg i smarte løysingar, samarbeid og ein ny kultur for berekraftig forbruk. Dette prosjektet viser at Sogn tek sirkulærøkonomi på alvor og er i ferd med å byggje opp ei berekraftig framtid, der ombruk og reparasjon er heilt sentrale element. Det handlar om å sjå moglegheitene i det vi har, i staden for alltid å jage etter nytt.
Om du har innspel til aktørar som burde vere med i oversikta så ta gjerne kontakt med Karoline på karoline@sognnaring.no
Klikk på knappen under for å gå til kartet!