Samspel for ei meir berekraftig framtid

Fredag morgon samlast om lag 30 engasjerte deltakarar til frukostmøte om berekraft. Arrangementet starta med ein smakfull frukost, der nye og kjende ansikt møttast over ein kaffikopp og gode samtalar. Dagens tema handla om korleis vi saman kan navigere mot ei meir berekraftig framtid, og kva for krav og forventningar vi kan møte på reisa.

Kva lærte vi?

Lea Myklebust, prosjektleiar for berekraft i Kunnskapsparken Vestland, opna dagen med ein inspirerande introduksjon til berekraft. Ho sette fokus på korleis berekraft omfattar både det sosiale, miljømessige og økonomiske, og kvifor små og mellomstore bedrifter spelar ei viktig rolle. Lea samanlikna rapporteringa med demokratiets stemmesystem – kvar einaste stemme tel og kan gjere ein forskjell.

Ingvild Andersen frå PwC bygde vidare på dette med eit innblikk i berekraftrapportering. Ho understreka at sjølv om rapporteringskrava kan verke omfattande, handlar det om å finne dei områda som er mest relevante for eiga verksemd. Med analogien om ei kokebok viste ho korleis strukturen og prioriteringane i rapportering kan gjerast meir handterlege.

Tord Dale, berekraftsleiar i Virke, deltok digitalt og delte praktiske råd for små og mellomstore bedrifter som ønskjer å utvikle berekraftige strategiar. Trass nokre tekniske utfordringar undervegs, var engasjementet blant deltakarane stort. Tord inspirerte med løftet om at det er mogleg å lage ein berekraftsplan på berre ein time. Store moglegheiter og behov for samarbeid. Arrangementet peika på kor mykje som skjer innan berekraft og rapporteringskrav i dag, og korleis dette påverkar både store og små verksemder.

Vegen vidare

Tilbakemeldingane etter møtet var særs positive, og fleire av deltakararane uttrykte at eit berekraftsnettverk kan vere eit godt tilskot til berekraftsarbeidet i bedriftene. Denne typen kunnskapsdeling kan bidra til at bedrifter i heile Sogn står sterkare saman om dei moglegheiter og utfordringar ein møter.

Målet er å skape ein møteplass der ein kan dele kunnskap, erfaringar og strategiar, som vil vere til fordel for naturen, samfunnet og den lokale økonomien. Dette kan bli starten på eit samarbeid som løftar heile regionen. Vi kjem med meir info om berekraftsnettverket på nyåret.

Forrige
Forrige

Digitalt kart over reparasjon og ombrukstilbod i Sogn

Neste
Neste

Inspirasjonskveld i Vik - frå tradisjon til innovasjon