Sognaseminaret: Ein visjon for framtida i Sogn

Korleis står det til i Sognebygdene? Kva er status i dag, og korleis kan vi i Sogn best samle kreftene og samarbeide for å vidareutvikle den spennande regionen vår? Dette var hovudtemaa under Sognaseminaret, arrangert av Senioruniversitet i Sogn, Høgskulen på Vestlandet og oss i Sogn Næring. Konferansen, som vart halde på Campus i Sogndal, samla deltakarar frå heile regionen for å diskutere framtidige utviklingsmoglegheiter og utfordringar.

Til å utfordre oss og beskrive utviklingstrekka i regionen, hadde vi henta seniorforskar Knut Vareide frå Telemarksforsking. Vareide, som nyleg gav ut boka «Hvordan skape vekst?», er ein av Noregs fremste ekspertar på regional utvikling. Han påpeika betydninga av Sogndals vekst i talet på arbeidsplassar og korleis dette har vore viktig for busetjinga i alle kommunane, spesielt Luster. «Sogndal har også betydning gjennom å vere regionssenter med ulike tilbod innan kultur, idrett, service og handel som kan nyttast av dei andre kommunane i regionen,» sa Vareide.

Vareide understreka at sjølv om Sogndal har opplevd befolkningsvekst og bustadbygging, er det ingen automatikk i at denne attraktiviteten blir halden oppe. «Viss Sogndal berre er ein middels attraktiv kommune, vil befolkningsveksten stoppe opp og gå over til nedgang,» åtvara han. Arbeidsplassar er framleis avgjerande for befolkningsutviklinga, særleg i distrikta. For at Sogndal og Sogn skal vekse, må regionen også vere attraktiv å flytte til.

 

Etter Vareides innlegg følgde relevante samtalar med deltakarar frå Sognebygdene, som drøfta utvikling og utviklingsmotorar i regionen. Sjefredaktør Arve Uglum i Sogn Avis var konferansier og leidde samtalane, og ei rekkje meiningsberarar frå regionen fekk delt perspektiva sine på utviklinga.

 

Tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers meinte at Sogndal ikkje har teke sin posisjon som regionssenter godt nok, og påpeika at det meste av veksten i regionen ligg i aksen mellom Sogndalsfjøra og Kaupanger. Trine Lerum oppmoda til å tenkje stort og byggje merkevara til regionen, medan Kristin Rundsveen Bøtun snakka om behovet for å forankre identiteten til regionen gjennom ein utfordrarmentalitet. Andrea Fardal Oseth understreka viktigheita av samspelet mellom etablerte aktørar og dei unge, som ho beskreiv som utviklingsmotoren i framtida.

 

Sognaseminaret var ein vellykka arena for meiningsutveksling og diskusjon om korleis regionen kan vidareutviklast. Gjennom inspirerande innlegg og engasjerte samtalar vart det tydeleg at samarbeid og å ha mot til å utfordre er nøkkelen til suksess. Regionen har gode føresetnader for å lykkast, men det krev at ein aktivt jobbar for å halde oppe og auke attraktiviteten, skape arbeidsplassar og tiltrekkje seg nye innbyggjarar. Dette seminaret var eit viktig steg i rett retning for å samle kreftene i Sogndal og regionen Sogn for å møte utfordringane og moglegheitene i framtida.

aktueltLine Bjelde