Skal hjelpe høgt utdanna, fleirkulturelle menneske med å bli kjent med næringslivet
– Folk blir den beste utgåva av seg sjølv når dei blir respektert, inkludert og får vera seg sjølv. Eg gler meg veldig til å vera mentor i Sogn Opportunity-programmet og bidra til det, seier Rasmus Mo. Han driv føretaket Ein Mann Aleine, og har lang erfaring innan leiing og leiarutvikling.
Sogn opportunity er eit nystarta mentor-program i regi av Sogn for alle, eit prosjekt Sognarådet held i. Her skal menneske med fleirkulturell bakgrunn få støtte og fagleg nettverk. Kriteria er at dei har høgare utdanning, beherskar norsk munnleg og eit ønskje om å bidra og ta ein posisjon i offentleg liv og næringsliv. Lokale mentorar med leiarerfaring frå privat eller offentleg sektor blir sett saman med kandidatane, og skal følgje dei over ein lengre tidsperiode. Modellen er basert på Bergen Opportunity, som har kjørt programmet over fleire år med stor suksess.
– Det viktigaste i mentor-rolla er å visa moglegheitene som er her og gi kandidatane eit nettverk i Sogn der dei får presentert seg for næringslivet. Det er ikkje slik at det er mykje anleis å drive næring i Syria eller Eritrea enn her, det handlar framleis om formidling, relasjonar og få rotasjon i det økonomiske systemet. For oss mentorane er det ei utrulig moglegheit til å jobbe med nokon som har kjennskap frå eit anna system og samfunn. Det er både viktig og berikande for oss.
For at Sogn skal bli ein inkluderande arbeidsregion der alle har moglegheit til å delta, må vi også jobbe med eigne sperrer. Kjennskap på tvers av kulturar kan bidra til dette, meiner Mo. Alle ønskjer å bidra og bruke kunnskapen og utdanningane sine.
– Det som er så moro med å vere mentor, er at du lærer så mykje sjølv. Det er ein berikelse for dei som skal hjelpast inn for å delta i samfunnet, og det er ein berikelse for oss å forstå kva sperrer vi har for at dei skal komme i posisjon. Det viktigaste vi som mentorar kan gjere er å vere til stades lytte til og lære av, og ville dei vel.
Første samling i Sogn Opportunity er 12. juni på Fosshaugane Campus. Er du interessert i å vere mentor, eller kjenner nokon som burde vere det? Ta kontakt med Eirin Kormeset i Sogn for alle for å melde interesse!