Ladar OPP til ei veke med innovasjon

Inviterer med seg heile Vestland når dei snur innovasjonskulturen OPPned mellom 16.-22. september. 

Festivalsjef Christina Sundli-Härdig vil få med næringslivet i Vestland på små og store arrangement under Innovasjonsuken OPP. Foto: Bård Basberg/Sogn Næring

–  Kven er vestlendingane og selskapa som klarer å bryte opp bransjar og tenke på ein heilt ny måte? Dei vil vi finne og vise fram under innovasjonsfestivalen med tema OPPned, seier festivalsjef for Innovasjonsuken OPP, Christina Sundli-Härdig. Ho besøkte Innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal denne veka, for å lansere programmet til Innovasjonsuken OPP og Innovasjonsdagen Sogn saman med Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland. 

Gjennom ei veke i september er det møteplassar i heile fylket for alle som synes entreprenørskap og innovasjon er spennande.

– Vi vil ha arrangement over heile Vestland, og inviterer alle som har driv og initiativ til å legge arrangement til denne veka. Det kan vere frukostmøter eller temadagar, eller saunapitch som vi hadde med StormGeo i Bergen i fjor. Det viktigaste er å lage møteplassar der gründerar og etablerte selskap treffes på tvers av bransjar, møter investorar og løftar fram kvarandre, seier festivalsjefen. 

Driv du eit oppstartsselskap som skal vekse eller er i startfasen med ein forretningsidè, er det ikkje så dumt å ta ein tur til Bergen denne veka. Du kan mellom anna delta på DNB Next, der gründerar møter folk med kapital. På Demo Day Vestland møtes investorane som jobbar med bedrifter i tidlig fase. I samarbeid med DNB og StartupLab går 100 pitches av stabelen, der gründerar får legge fram idèane sine for menneska som sitt på pengane. 

Vil du arrangere noko? Festivalsjef og praksisstudent Sofie Odfjell kan hjelpe til med å lage konsept, kobling med relevante samarbeidspartar og markandsførign av arrangementet.  Her er info til deg som vil arrangere noko under Innovasjonsuken OPP. 

Følg med på Innovasjonsuken OPP si nettside eller LinkedIn for programslepp! 

Gjengen frå Bergen fekk seg også bli betre kjend med Sogndal på under besøket sitt. På Fosshaugane Campus stod stadion og HVL sin Læringslab på agendaen, før turen gjekk vidare til Rockethouse. Der fekk dei treffe Rocketfarm, NLink og Sgn, og innblikk i kva som rører seg i henholdsvis tech-bransjen og ski-bransjen.


aktueltSigrid Skjerdal