Rekordmange produsentar frå Sogn på Bergen Matfestival

Mat- og drikkeprodusentane frå Sogn reiser i samla flokk på Bergen matfestival og Norsk Siderfestival. Heile 15 produsentar tek turen til “byn”, og med seg har dei eit solid utval av lokalmat og sidrar.  

Sidermangfald: Mette Marie Heiberg driv Amble gard på Kaupanger. Ho står i smaksteltet under Norsk Siderfestival saman med fire andre produsentar frå Sogn. 

– På Bergen matfestival forventer eg fint vêr, blide folk og høg stemning. Vi skal stå saman med andre mat og drikkeprodusentar frå Sogn, og det ser eg fram til. Vi er jo ein gjeng i gjengen, seier Anne Karine Marstein, som jobbar i Undredal Gardsysteri. Dei har vore på Bergen matfestival fleire gonger, og er førebudde på dagar med fullt trøkk.  

Mat- og drikkeprodusentane kjem frå heile Sogn. Frå Balestrand og Vik ute i fjorden, til Veitastrond i Luster, Lærdal og Aurland innerst i fjorden. På Bergen matfestival skal dei løfte regionen i lag, og vise fram mangfaldet i det som blir produsert langs Sognefjorden.

På området Sogn, naturlegvis finn du alt frå brun og kvit geitost, økologisk iskrem, ferskbrent kaffi, spekekjøt, pølser og kjøtbollar, honning, pærer og anna frukt.  Har du for eksempel smakt frysetørka plommer før? Nykomaren Årethun Foredling reddar overskotsfrukt- og bær, og lagar godteri du kan ete med godt samvit. 

Bøtun gard på Indre Hafslo i Luster er med for fyrste gong.,Dei produsererer økologiske grønsaker, blomar og sjokolade. I tillegg til ferske grønsaker utviklar dei stadig nye produkt av råvarerene frå hagen.  

– No er det storstilt produksjon av urteoljer før matfestivalen i Bergen. Vi har sjølvsagt med oss sjokolade med smakar frå hagen, fermenterte grønsaker, forskjellige syltetøy og ferske grønsaker, fortel Mathilde Buch-Larsen frå Bøtun gard i Luster. Dei er nominert til årets Lokalmatgründer i kåringa til Hanen og Meny.  

Du vil sjølvsagt også finne Haugen gardsmat på Sognarekka. Dei vann prisen for årets festivalrett i fjor, og ryktene seier at dei har gode rettar med seg i år også. Olav Arnar i Vikja har med sin gigantiske wok og hemmelege kjøttbolle-oppskrift.  

Tette samarbeid 

Mange av produsentane i Sogn samarbeider allereie tett, og utviklar nye produkt saman og sel kvarandre sine produkt i gardsbutikkane sine. Gode kollegaer er ein stor fordel når det er mange små som jobbar for seg sjølv, fortel Büch Larsen frå Bøtun.  

I Bergen skal nye band knyttast. I tillegg til mat- og drikkeprodusentar kjem Sogn sin mat- og drikkeambassadør og tidligare medlem på kokkelandslaget Tonje Torvanger, til Bergen. Det gjer også VG2-klassen ved restaurant- og matfag ved Sogndal Vidaregåande Skule, og Lise Sundberg frå “Smake Meir”, restauranten på Vitensenteret på Kaupanger.  

– For meg er det ein god sjanse til å bli bedre kjent med lokalmatprodusentane i Sogn, og sjå korleis vi kan bruke desse råvarene enda meir både i undervisning og på restaurantar og serveringsstader i regionen, seier Torvanger, som til daglig er sous chef på Statholdergaarden i Oslo.  

Prosjektet er støtta av Sogn og Fjordane Sparebank gjennom Sparebankstiftinga og næringsliv i regionen. Lerum, Norways Best, Vite Meir og Fjærland Fjordstove bidreg til prosjektet og er med i arbeidsgruppa som jobbar med prosjektet.  

Desse ustillarane frå Sogn finn du på Bergen matfestival:

  • Alm gard: Økolgisk iskrem, gouda-ost, honning, granola og meir

  • Vikja: økologisk kjøt frå produsentar i Vik og omland. Spekekjøt, pølser, kjøtbollar og meir

  • Skjerdal stølsysteri og kafè: Kvit og brun geitost, salta og usalta

  • Lomelde gard: Frukt! Plomer, pærer, bjørnebær og meir

  • Undredal stølsysteri: Undredalsosten. Geitost, kvit og brun

  • Bøtun Gard: økologisk markedshage. Friske grønsaker, sjokolade, marmelade og syltetøy, urteoljer og meir

  • Elvebakken gardsysteri: Den brune geitosten Kalda kari

  • Årethun foredling: Syltetøy, frystetørka godteri, saft og meir av overskudds frukt- og bær

  • Sognefjorden kaffibrenneri: ferskbrent kaffi

  • Haugen gardsmat: Pølser, kjøtbollar, spekemat, Sognalapskaus og meir!

Desse utstillarane frå Sogn finn du på Norsk Siderfestival:

  • Amble gård

  • Odelsgut

  • Ølmheim Siderhage

  • Balholm/Ciderhuset

  • Vestavin

aktueltSigrid Skjerdal