Vestlandsmøte 2025 - korleis trygge Vestland i ei uroleg tid

Fredag 10. januar vart Vestlandsmøtet 2025 arrangert i Peer Gynt-salen i Grieghallen, Bergen. Med eit rikhaldig program og ein brei deltakarflate samla arrangementet politikarar, næringslivsaktørar og representantar frå offentleg sektor for å diskutere dei store utfordringane og moglegheitene for Vestland framover.

Hovudtema: Inkludering og utanforskap
Å få fleire i arbeid stod sentralt i diskusjonane. Fylkesordførar Jon Askeland peika på at 1 av 5 i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet, ofte grunna manglande fullføring av vidaregåande utdanning. "Vi må få fleire hender og hjernar i arbeid for å sikre utviklinga av Vestland," understreka han.

Hovudtalar Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister, løfta fram kultur og frivilligheit som nøkkelfaktorar for inkludering, særleg av barn og unge.

Fire vestlandsdialogar
Programmet inneheldt fire viktige dialogar:

  1. Kultur og frivilligheit i arbeidslivet
    Lubna Jaffery og Erna Solberg i dialog med Sparebanken Vest-sjef Jan Erik Kjerpeseth.

  2. Distriktspolitikk: Bergen vs. distrikta
    Alfred Bjørlo (Venstre) og Aleksander Øren Heen (Senterpartiet) diskuterte korleis ein kan sikre utvikling i heile Vestland, ikkje berre i Bergen.

  3. Balansere verdiskaping, miljø og velferd
    Helge André Njåstad (FrP) og Marthe Hammer (SV) samtalte om korleis regionen kan kombinere økonomisk vekst med miljømessig berekraft.

  4. Bestilling frå regionane
    Christine Meyer (Bergensalliansen), Andre Mundal Haukås (Sunnhordlandsrådet) og Roy Egil Stadheim (Sognarådet) løfta fram behova i sine område, inkludert kraftutbygging, kollektivtransport, samferdsel, men kanskje aller viktigast, behovet for å samarbeide for å handtere utfordringane Vestland står framfor.

Vestlandets ressursar og ansvar
Kontreadmiral Oliver Berdal peika på Vestlandet si strategiske rolle innan sjøtransport og forsvar. Med 90 % av varene som kjem via skipsfart, er trygging av kysten avgjerande. Samtidig vart berekraftig sjømat, gass, og framtidig satsing på flytande havvind løfta fram som nøkkelområde.

Framtidsutsikter og samarbeid
Gründermiljøet fekk også merksemd, med oppfordringar til meir samarbeid på tvers av regionar og sektorar. Deltakarane var einige om at aktiv omstilling og tverrpolitisk samarbeid er nødvendig for å møte utfordringane Vestland står overfor.

Vestlandsmøtet 2025 illustrerte tydeleg at viktigheta av at regionen står samla for å sikre si rolle som vekstkraft – ikkje berre for seg sjølv, men for heile Norge.

Roy Egil Stadheim, Ordførar i Vik kommune og leiar for Sognarådet presenterer si bestilling på vegne av Sogn.

Forrige
Forrige

Bill.mrk: Einsamt, men håpefullt hus søkjer driftig partnar

Neste
Neste

Jakten på den perfekte utformingen til Fosshaugane