Bill.mrk: Einsamt, men håpefullt hus søkjer driftig partnar

Er det deg (eller dykk) eg ser etter? Eg er Bondevikhuset – eit gamalt, ærverdig, men framleis sprekt hus midt i sentrumsparken i Sogndal. Omgitt av frukttre, grøne plenar og leikande born, drøymer eg om nokon som vil fylle meg med liv, lukta av nybakte kanelbollar og lyden av gode samtalar over ein kopp kaffi.

Kven er du? Kanskje ein som elskar vertskapsrolla, likar å skape hygge og trivsel, og har ein draum om å drive ein plass der folk kan møtast? Kanskje du ønskjer å hjelpe andre ut i arbeidslivet ved å tilby dei jobb hos meg? Det er lett å tenke at vegen til hjartet mitt går gjennom nybakte bollar. Men du kan like gjerne ha noko å by på som eg ikkje visste at eg trengde. Eg let meg gjerne overraske og overbevise om nye, spennande påfunn.

Du treng ikkje like turar i skog og mark. Det er ein fordel om du likar det gode liv på terrassen, kunst på veggane eller å skape noko med hendene. Eg har ikkje dobbeltseng og eigen sjark. Men eg har utstyrt kjøken, store vindauge, mykje husrom og sjel. 

Eg ser etter noko langsiktig og seriøst. Ingen kortvarige flørtar – eg vil finne den rette! Er det deg? Eller kanskje er det fleire?

💌 Bill.mrk: Alle som er interesserte i å opprette kontakt, er velkomne på besøk på Bondevikhuset 11. februar klokka 16.00-18.00 til ein uforpliktande første date.

Du får bollar og kaffi, og bli betre kjent med meg og andre som er interesserte i å drive noko Bondevikhuset. Vi ønskjer andre som driv serveringsstader hjarteleg velkomne for å dele erfaring, og kanskje få kontaktar som kan bidra til nye samarbeid.

Sogndal kommune, Sogn Næring og andre aktørar som har relevant erfaring vil dele informasjon om rammene for leige av bygget. Det blir tid til å sjå seg rundt, og prate med andre som er interesserte.

Har du spørsmål, eller vil du lufte ein idè før 11. februar? Ta gjerne kontakt med Sigrid Skjerdal i Sogn Næring eller Torkjel Kristiansen Solbraa i Sogndal kommune.

Har du meiningar om kva serveringstilbod som trengs i Sogndal sentrum, men vil ikkje driva sjølv? Sei di meing på lenka under.


Forrige
Forrige

Elevane lagde is med nitrogen og tre rettar gourmet

Neste
Neste

Vestlandsmøte 2025 - korleis trygge Vestland i ei uroleg tid