TENK NYTT om lokal identitetsbygging
Korleis skaper ein ein kultur i kommunen for fellesskap, der me dreg i same retning? Korleis kan lokalaviser, slagord og idrettsklubbar vera med på å løfta ei heil bygd? Korleis er det for kommunar med kraftig vekst og folk som pendlar ut av kommunen, og korleis er det når dei unge har flytta ut?
Temaet er lokal identitetsbygging. Me dykkar inn i eit interessant og vanskeleg tema som me veit at er viktig for mange lokalpolitikarar, næringsdrivande og frivillige. Desse møta skal bidra til samtalar og erfaringsdeling.
Vennene våre i Initiativ Vest har ei fast møterekkje som heiter Tenk Nytt! Den 18. februar blir det eit tema vi i Sogn Næring synst er veldig spennande, nemleg lokal identitesbygging. Meld deg på webinaret, og les meir om innhaldet og møteserien TENK NYTT her!