Tilbyr di bedrift sommarjobb? Då må du lese dette!

Skal di bedrift tilby sommarjobb for studentar i sommar? Då er det berre å hive seg rundt og bli med på Sognacamp, som forhåpentlegvis vil gi studentane ein sommar dei seint vil gløyme. Målet vårt er å vise studentane alt Sogn har å by på – spennande, lærerike og morosame jobbar, kombinert med eit rikt fritids- og aktivitetstilbod utanom arbeidstid. På denne måten får studentane ei tilhøyrsle som gjer at dei vil kome tilbake.

Sognacamp er ein fem veker lang sommaroppleving for studentar med sommarjobb i Sogn, og eit viktig rekrutteringstiltak for regionen. Målet er å gi studentane ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som dei får utforske moglegheitene i regionen. Som deltakar får ein relevant arbeidserfaring gjennom spennande sommarjobbar i lokale bedrifter. Samstundes bur ein saman med andre studentar og får oppleve alt frå fjellturar og kajakkpadling til lokale festivalar som Bergtatt og Fres Festivalen. Campen gir dermed ein unik inngang til arbeidslivet og fritidstilbod i regionen – kanskje starten på eit langvarig forhold til Sogn? Vi i Sogn Næring organiserer det sosiale programmet utanom arbeidstid, medan bedriftene sørger for det faglege innhaldet. Campen startar med kick-off i Sogndal 23. juni og varer til 27. juli 2025.

Gjer sommaren uforgløymeleg for dine sommarvikarar – bli med på Sognacamp!

Les meir og meld på din bedrift på Sognacamp.no

Forrige
Forrige

TENK NYTT om lokal identitetsbygging

Neste
Neste

Elevane lagde is med nitrogen og tre rettar gourmet