Ung skaparkraft i distrikta (Webinar)

Demografiske utfordringar gjer at distriktskommunar må tilrettelegge for at fleire unge vil bu og jobbe i distrikta. Er det nokre grep ein distriktskommune kan gjere for å bidra til ungt gründerskap?

Dette er tema på webinaret som skal sjå nærare på kva som skal til for at dei unge i distrikta skal ynskje å etablere seg med eigen arbeidsplass og bli buande i distriktet. I webinaret møter du unge gründerar, butikkdrivarar og bidragsytarar. Dei fortel om kva faktorar som bidreg til at fleire unge startar opp og driv eigen verksemd.

Kommunane treng dei unge for å skape innovasjon, utvikle berekraftige lokalsamfunn og løyse framtidas utfordringar med sine nye tankar og idear. Kven har ansvar for å gje rom for ung skaparkraft og kva mogleheiter finns? Kven er aktørane som bidreg og kva verkemiddel finns? Kva ynskjer unge gründerar seg? I webinaret får vi lære og diskutere korleis ein saman kan legge betre tilrette for auke skapargleda hjå dei unge.

Webinaret blir arrangert av Distriktssenteret torsdag 27.03.25 frå kl. 09.00 til 11.00.

Les meir og meld deg på her

Disse møter du:

  • Unge gründere

  • Unge butikkdrivere fra Merkur-butikker

  • Næringssjef i Hadsel kommune

  • Innovasjon Norge

  • Distriktssenteret

  • Nord Universitet

  • Ungt Entreprenørskap

Webinaret passer for:

  • ungdom med skaparlyst

  • ordførarar, kommunedirektørar og næringssjefar

  • regionale næringsselskap

  • regionale og fylkeskommunale leiarar

  • politikarar

  • verkemiddelaktørar

Bård Basberg

Jeg flyttet til Sogndal som student og ble værende ved å skape min egen arbeidsplass. I jobben i Sogn Næring jobber jeg med nettopp dette - fremme regionen, og å få fremtidens gründere til å starte opp i Sogn!

https://sognnaring.no
Forrige
Forrige

Interesse for Bondevikhuset

Neste
Neste

Teknojenter - eit nytt prosjekt som skal rekruttere fleire jenter til teknologifag