Interesse for Bondevikhuset
Ein vanleg tysdag ettermiddag i februar lukta det igjen kaffi og kanelbollar i kafèlokalet på Bondevikhuset i sentrumsparken, Sogndal. Bollane var bakt for anledningen av elevbedrifter ved Sogndal vidaregåande skule, restaurant og matfag.
Omlag 15 frammøtte på det opne møtet fekk eit innblikk i kva fasilitetar som finst i huset, og tips til kva ein bør tenke på dersom ein vil starte serveringsstad eller liknande konsept her.
No gjenstår det å sjå om nokre av dei frammøte har eit ønske om å starte for seg sjølv. Eller kanskje er det nokon som ikkje hadde høve til å møte som er interesserte i lokalet?
Meld di interesse!
Potensielle drivarar kan melde si interesse innan 26. februar, til sigrid@sognnaring.no eller torkjel.kristiansen.solbraa@sogndal.kommune.no.
Dette er det lurt å tenke gjennom:
Korleis er forretningsplanen din? Bruk Business model canvas frå Innovasjon Norge til å teikne den opp.
Kva krever oppstarten økonomisk? Alltin har gode malar på oppstartsbudsjett.
Kven er teamet? Har du med deg dei rette folka med rett kompetanse for å lukkast?
Kva er utleigar ute etter?
«Tilbodet må vera økonomisk berekraftig, og så må det treffa innbyggjarane sine behov for ein sosial møteplass i sentrumsparken.»
Forretningsmodellen kan bestå av tradisjonell kafèdrift, eller ein kan inkludere andre inntektskjelder. Er det moglegheit for sambruk av lokala? Kan
Nokre ting å tenkje på i forretningsmodellen:
Husleiga bør ikkje overstige 6-8 prosent av omsetninga. Det er skissert ei leige på 22.000-25.000 per mnd. Dette fastsettast i dialog med kommunen, og kan tilpassast ut i frå kva konsept du ønsker å få til.
Det er ønskjeleg med langtidskontrakt (3 år) og oppseiingstid på 6 mnd
Planlegg for sesongvariasjonar. Sommaren er travlare, vinteren er rolegare med høgare straumkostnadar
Snakk med andre som har erfaring i Sogndalsfjøra!
Sosialt entreprenørskap
Menneske som fell utanfor samfunnet og arbeidslivet kostar kommunen mykje kvart år. Kommunen har mange oppgåver som skal løysast med tilrettelegging for frivillgiheit, integrering og inkludering av flyktningar, og tiltak innanfor rus og psykiatri. Kan idèen din løyse nokre av desse problema?
Verksemder som tenkjer vel så mykje på å skapa sosial verdi som økonomisk forteneste, kan få meir fleksible leigevilkår.
Driv ein eit selskap med ideell formålsparargaf, ein organisasjon eller stifting, er ein også i posisjon til å søka på midlar frå fond og stiftingar som ein ikkje kan søke på som vanleg næringsdrivande.
Rådgjevarar frå kommunen kan hjelpe til med å søke midlar og koordinere kontakt med flyktningteneste, Nav, frivillige organisasjonar og andre som kan vere aktuelle samarbeidspartar.
Sjå eksempel frå kafeen Tid på Ål i Hallingdal