TeknoJentedagen - fleire jenter vart inspirerte til å velja teknologifag

Fredag 7. mars var om lag 130 jenter frå åttande trinn til fyrste videregåande samla på ViteMeir for ein dag fylt med teknologisk inspirasjon. Dagen fekk namnet TeknoJentedagen der vi samarbeida med Vestlandsforking, ViteMeir, Sogn Opplæringskontor og Sogn kommunalt oppgåvefelleskap (KO).

TeknoJentedagen er ein del av det større prosjektet “Teknojenter” leda av Vestlandsforskning. Målet med prosjektet er å auke tal unge, og særleg jenter, frå Sogn til å velgje teknologifag i vidaregåande skule og/ eller høgskule. Hilde Corneliussen ved Vestlandsforskning har forska på kva som får jenter til å velje teknologiutdanningar, der det mellom anna kjem fram at jenter i større grad enn guttane treng oppmuntring frå ein heiagjeng og gode rollemodellar.

På ViteMeir fekk jentene høyre på inspirerande føredrag frå fleire rollemodellar. Frå scena fikk dei høyre Kaja Hovinbøle og Anna Folmann- KI- studentar frå Bergen som av jentene blei sett på som “utypiske” teknologistudentar. Dei fortalte om sin veg inn i faget, som for Kaja var heilt tilfeldig medan Anna hadde interesse for faget frå start. Jentene fekk og høyre frå Raquel Tirach og Gizem Venås frå HVL Robotics og Isabel Nerland frå Hydro som har studert romfysikk. I tillegg til å fortelje om sitt personlege - og profesjonelle forhold til teknologi, prata alle rollemodellane om kvifor det er så viktig at fleire jenter veljer teknologiutdanning. Her trakk dei mellom anna frem representasjon, der majoriteten av teknologi er frå eit mannsperspektiv då dei er overrepresentert.

Jentene fekk og prøvd forskjellig teknologi ved stasjoner på ViteMeir, der målet var å inspirere dei til å synes det er moro å utforske ny teknologi. Det var ein engasjert gjeng med jenter som mellom anna fekk testa robotarm, 3D- printing av ringar og ballong ”battle” med fjernstyrte bilar.

Blei jentene motivert og inspirert til å velje teknologivegen? I etterkant av arrangementet kunne fleire av jentene fortelje at teknologi no virka mindre skummelt, meir relevant og at dei ser på ei mogleg framtid innafor faget med nye auge. Det gjer at vi gler oss enda meir til å jobbe vidare med prosjektet!

Sjå meir fra arrangementet på Vestlandsrevyen si sending 11. mars her (spol fram til 05.36)

Forrige
Forrige

Framtidens verdiskapere: Fylkesmesterskap Ungdomsbedrift 2025

Neste
Neste

Mat- og drikkeambassadøren bad rådgjevarane om hjelp til å knuse myter