Framtidens verdiskapere: Fylkesmesterskap Ungdomsbedrift 2025
11. mars vart det arrangert det årlege fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter som vart avhalde på Førde vidaregåande skule. Her deltok elevar frå vidaregåande skular i heile Sogn og Fjordane som har etablert ungdomsbedrift gjennom skuleåret. Sogn Næring stilte med to representantar, og var med i juryen for både «Innovasjonsprisen» og «Samfunnsbyggarprisen». Vi er svært imponerte over dei kreative og dyktige ungdomane, noko som gjorde juryarbeidet til ei utfordring!
Vi fekk møte unge lovande frå store delar av fylket. Sogn var godt representert, og Alpha Mekk UB frå Årdal utmerka seg med fleire prisar, inkludert den gjevaste av dei alle – «Årets ungdomsbedrift». Neste stopp for dei blir norgesmeisterskapet 24.-26. april, og vi heiar på dykk og ønskjer dykk masse lykke til!
Også ungdomsbedrifter frå Høyanger og Sogndal gjorde seg merke. FjordLED UB frå Høyanger fekk andreplassen for Årets Ungdomsbedrift, i tillegg til å vinne «Marked- og kommunikasjonsprisen» og prisen for beste video-pitch. Ung Kultur UB frå Sogndal, som tilbyr eit kreativt aktivitetstilbod og samlingspunkt for barn og unge frå 5-15 år, vann både «Beste salgsbedrift» og «Samfunnsbyggarprisen».
Foto: Ungt Entreprenørskap Vestland
Gjennom ungdomsbedrift blir forholdet styrkt mellom utdanning og arbeidsliv ved å gi elevane praktisk erfaring, byggja nettverk med lokalt arbeidsliv, og skapa ei bru mellom utdanning og arbeidsliv. Ungdomsbedrift er en arena for innovasjon, kreativitet og skaparglede.
Vi i Sogn Næring synest det er inspirerande å sjå engasjementet og skapargleda som elevane viser gjennom ungdomsbedriftene. Elevane som deltek i ungdomsbedrift utviklar ferdigheiter som kreativitet, samarbeid og problemløysing – ferdigheiter og eigenskapar som gjer dei til verdifulle ressursar for samfunnet. Ikkje minst er dei flotte førebilete for andre som vurderer å starte ungdomsbedrift. Det er viktig å starte gründermobilisering tidleg, og vi er imponerte over kva Ungt Entreprenørskap får til. Dei skaper ein god arena der unge i heile Noreg kan utforske og utvikle eigne idear.
Masse flinke ungdomar fekk vise kva dei er gode for i går – stor takk til Ungt Entreprenørskap for det viktige arbeidet de gjer!
Foto: Ungt Entreprenørskap Vestland