Fire lokale siderprodusentar i sentrum på Sognafest
Når Sogningar samlast til fest, er det klart at boblene må komme frå lokale epletre. Sider frå Sogn akkompagnerte kvelden under Sognafest, i flett ny fargedrakt.
Fire siderprodusentar var representerte til ein mini-siderfestival på Sognafest siste dagen i februar. Ølmheim Siderhage, Amble gård, Balholm/Ciderhuset og Odelsgut serverte dei 300 gjestene nokre av dei mange variantane av Sider frå Sogn som finst, både eplesider og alkoholfrie variantar.
Sider frå Sogn var også fylgjet til hovudrett og dessert under middagen.
– Når vi skriv 2025 er det 12 produsentar i Sogn med produksjonsløyve for sider, og enno fleire er på trappene. Sider frå Sogn finst i mange ulike kategoriar, og nokre variantar frå de smake til middagen i dag, fortalde Gard Eithungjerde frå Balhom frå scena under Sognafest.
Også under prisutdelinga gjorde både mat- og siderprodusentane seg gjeldande. Odelsgut vart tildelt prisen “Smaken av Sogn”, sjølvsagt utdelt av Trine Lerum Hjellaug. Grunngjevinga frå juryen var som følgjer:
«Gjennom ekte handverk med 100% lokale råvarer av den beste frukta i Sogn har Cecilia Martti og Alexander Haug på kort tid bygd opp eit lite eventyr av god smak og unike opplevingar på Haug Gard på Fimreite. Dei produserer cider med høg kvalitet, dokumentert gjennom fleire prisar, mellom anna gullmedalje i CiderWorld Award 2023. Dei skapar unike opplevingar for gjestene sine, og er mellom anna toppattraksjon på Tripadvisor. Odelsgut er også gode på å formidle produktet og opplevingane sine i sosiale kanalar.»
Takk for det gode samarbeidet Sogn frukt- og siderlaug, vi i Sogn næring gler oss til å bidra til å setje Sider frå Sogn på kartet også framover!