Sognafest 2025 – for ein kveld det blei!

Sognafest 2025 blei ein kveld for historiebøkene! Eit festarrangement for 300 personar krev planlegging, struktur og gjennomføringskraft, og Sogn Næring har hatt gleda av å vere ein del av dette store prosjektet. Vi har bidrege som administrator og mogleggjort gjennomføringa av denne storslåtte kvelden.

Sognafest – ein del av Sognaklynga

Sognafest er eit initiativ frå Sognaklynga, eit samarbeid på tvers av privat næringsliv i dei seks kommunane i Sogn. Med sterk forankring, høg gjennomføringskraft og eit brennande ønske om å byggje stoltheit for sogningen, jobbar Sognaklynga for å vidareutvikle eksisterande møteplassar og skape nye arenaer for fellesskap.

Hovudmålet er å gjennomføre to store signalarrangement våren 2025 – arrangement som styrkjer regionen, byggjer samhald og fremjar stoltheit. Sognafest var eit viktig steg på denne vegen, og vi håpar det blir ein tradisjon!

Vår rolle i Sognafest

For å realisere eit arrangement av denne skalaen, trong Sognaklynga ei eining som kunne halde i heilskapen. Her kom Sogn Næring inn. Vi har bidrege med:

  • Administrasjon – Sikre at prosjektet hadde solid styring og ressursar på plass.

  • Budsjett og sponsorarbeid – Jobbe strategisk for å skaffe midlar og samarbeidspartnarar.

  • Marknadsføring, kommunikasjon og nettstadutvikling – Byggje synlegheit og engasjement rundt arrangementet.

  • Kompetanse innan arrangement og prosjektleiing – Bidra med erfaring og struktur for å sikre ei vellukka gjennomføring.

  • Nettverk og kompetanse innan lokalmat og drikke – Vi mobiliserte Sogn frukt- og siderlaug og fekk med fire siderprodusentar, som bidrog til å setje ein ekstra lokal smak på kvelden.

Samarbeid har vore nøkkelen til suksess, og arrangementet hadde ikkje vore mogeleg utan ein rekkje partnarar som Quality Hotel Sogndal, Hending, Øyre Lyd, Sogndal Storband, Helga Farestveit, Arve Uglum, Rasmus Mo, og C&C Media.

Sognafest hadde heller ikkje blitt noko av utan Sognaklynga med Andrea Opseth i spissen.


- Bård & Line

Forrige
Forrige

Fire lokale siderprodusentar i sentrum på Sognafest

Neste
Neste

Framtidas gründarar på Fjellpitch 2025