Skaparglede på Entreprenørskapsmessa i Sogndal

Campus Sogndal var fylt av liv og skaparglede då den årlege entreprenørskapsmessa gjekk av stabelen den 8. april 2025. Messedagen samla 9. trinn med elevbedrifter og alle 8. klassingane i regionen til ein dag full av inspirasjon, læring og innblikk i framtidige moglegheiter – både som gründerar og som del av det lokale arbeidslivet. Rundt 500 elevar frå heile Sogn region deltok, og inntil 30 elevbedrifter fekk presentere si bedrift på messa.

Hovudmålet med arrangementet var å presentera entreprenørskaparbeid for 8. trinn, der dei fekk møta og læra av elevbedrifter frå 9. klasse som har arbeidd gjennom året med eigne idear og produkt. Alt frå halalsnop, sosiale aktivitetstilbod, armeband laga av øydelagde jeans, til miljøvenlege tennbrikettar vart presenterte, og engasjementet frå både elevar og publikum var stort.

Den gjevaste prisen “Beste elevbedrift” var det Sogna-eld EB frå Kvåle skula som stakk av med. Dei hadde laga tennbrikketter av stearinrestar frå kyrkja. Dei utmerkte seg med det gode teamarbeidet sitt, salsprestasjonar og foretningsidé. Totalt vart det delt ut heile 8 prisar! Sjå dei resterande prisane i Sogn Avis her. Med så mange gode elevbedrifter var det ingen lett oppgåve for juryen.

“Beste elevbedrift”, Sogna-eld EB frå Kvåle skule med juryen på scena bak. Foto: Eivind Husabø

Stort engasjement frå lokalt næringsliv

I tillegg til ungdomsbedriftene, var det mange lokale verksemder som hadde stand og deltok aktivt på messedagen. Desse inkluderte:

  • Lerum

  • Prosjektet Teknojenter

  • NAV Økonomiteneste

  • Osland Havbruk

  • Sogn brann og redning

  • Byggmesterforbundet

  • Sognekraft

  • Sparebanken Vest

  • Sogn Opplæringskontor

  • Ungt Entreprenørskap

  • ViteMeir

  • Sogndal kommune

Desse verksemdene bidrog med innsikt og motivasjon til dei unge deltakarane. I dag finnes det så mange moglegheiter, og det er ikkje lett å vite kva ein skal velje. Møtet mellom ungdom og næringsliv er derfor viktig for framtidige karriereval, og for å vise dei kva slags moglegheiter som finnes i Sogn.

Sogn Næring bidrog i arbeidsgruppa, i juryen og med å få tak i sponsorar, bedriftsstands og bedriftsbesøk på messedagen.

I tillegg til aktivitetane på messa fekk 8. klassingane også høve til å besøke ulike arbeidsplassar i Sogndal for å sjå korleis det er å jobbe i regionen og litt meir innblikk i kva slags utdanning ein kan ta for å jobbe hjå disse. Desse verksemdene i Sogndal tok imot elevbesøk:

  • Sogndal Fotball

  • Fosshagen utdanningsbarnehage

  • Quality Sogndal Hotel

  • Sogn Næring, Kunnskapsparken og Innovasjon Norge

  • Sivilforsvaret

  • Idrettssenteret / GG Sogndal

  • Gasta

  • Deloitte

  • Norconsult

  • Sogn Avis

  • Amfi Sogningen

  • Sogn Vegdekke

Stor takk til sponsorane av Entrprenørskapsmessa, Sparebanken Vest, Sognekraft, Lerum, Veidekke Bygg Sogn og Fjordane og Norconsult. Messa hadde ikkje vore mogleg utan dykk!

Frå besøk hjå Sogndal Fotball. Foto: Eivind Husabø

Den unge lovande gründeren Markus Solberg heldt inspirerande og spennande gründerforedrag for 8. klassingane. Foto: Eivind Husabø

Alle bilete er tekne av Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap

Neste
Neste

Frå avfall til verdi: Ein inspirerande lunsj med bærekraft på fatet