Frå avfall til verdi: Ein inspirerande lunsj med bærekraft på fatet

I ei tid der sirkulærøkonomi stadig blir viktigare, er det avgjerande å finne innovative og berekraftige løysingar. Den 27. mars inviterte Sogn Næring og HVL Skape til ein open lunsj på biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, som ein del av den årlege Sirkulærdagen. Dette med mål om å skape inspirasjon og løfta fram dei lokale suksesshistoriene.

Foto: Frida Pedersen Bekkestad

I tråd med dagens tema handla lunsjen om korleis vi kan omforme det som ofte blir sett på som avfall, til ressursar med nytt liv og ny verdi gjennom kreativ og smartare bruk. Fokusområdet var mat og tekstil, to bransjar med høgt ressursforbruk. Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet vart fylt med både folk og fargerik mat frå SmakeMeir. Lise og teamet serverte ein nydeleg buffet laga av overskotsmat. Ei oppleving som ikkje berre var vakker å sjå på, men også ei glede for smaksløkane.

SmakeMeir jobbar aktivt for å nå målet om null matsvinn og tek i bruk kortreiste råvarer der dei kan. Til lunsjen hadde dei mellom anna brukt grønsaker frå Bøtun Gard – ein av føredragshaldarane denne dagen. Bøtun Gard vart kåra til Årets lokalmatgründer 2024, og satsar på berekraft og samarbeid med andre lokale aktørar. Mathilde Buch Larsen frå Bøtun Gard snakka om verdien av lokal og sesongbasert matproduksjon. Ho viste korleis kort veg frå jord til bord kan vere både berekraftig og lønsamt.

Fra mat til tekstil tok Jørn Mortensen frå Simas oss inn i dagens situasjon for tekstilgjenvinning. Han sette fokus på behovet for betre handtering av tekstilavfall og meir kreativ gjenbruk. Eit spennande døme han delte var korleis brukte jeans kan få nytt liv, ikkje som klede, men som golvbelegg. Visste du at eit kilo resirkulerte jeans kan bli til éin kvadratmeter jeansgolv? Dette viser det store potensialet i å tenkje nytt om eksisterande ressursar.

Og snakk om å tenke nytt! Tekstilkunstnaren Estelle Bourdet inspirerte med arbeidet sitt der ho forvandlar brukte material som gamle laken og klatretau, til kunst! Dette er jo ofte noko som dei fleste av oss ville kasta, men Estelle viste korleis dette kan bli til noko nytt og vakkert.

Til slutt fikk me høyre om prosjektet Sogn Biohub frå Karoline Søvik Myklebust frå Sogn Næring. Ein ønskjer å skape ein industriell symbiose mellom verksemder i Sogn. Ved å samlokalisere og samarbeide på tvers av bransjar skal ein kunne nytte ressursane betre og bidra til ei grønare omstilling i regionen! Her er det i dag mange lokale partnarar med og det bli spennande å følgje arbeidet framover.

Ein stor takk til alle som bidrog til ein velluka lunsj – SmakeMeir, dei dyktige føredragshaldarane og ikkje minst Eigargruppa Campus som sponsa lunsjen!

Forrige
Forrige

Skaparglede på Entreprenørskapsmessa i Sogndal

Neste
Neste

Sidertur til England for inspirasjon og innsikt i gamle og nye tradisjonar