Bli kjend med Fusarane: Bjørn Myklebust i Nordplan
Bjørn Myklebust frå Nordplan var innom FUS lokala på Campus Sogndal for å bruke eit av møteromma som er til leige på timebasis. Me har teke ein prat med han for å høyre kva erfaringar han har gjort seg med fellesskapet vårt så langt.
Kven er de?
Nordplan er det største uavhengige plan og rådgjevingsmiljøet mellom Trondheim og Bergen. Vi har avdelingar i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå. Vi er omtrent 70 tilsette innan plan, arkitektur, byggeteknikk, energi og miljø.
Kva jobbar du med?
Eg er dagleg leiar, og ein av mine viktigaste oppgåver er å framme samhandling og samarbeid på tvers av lokasjonane våre. Dette er viktig for å nytte den kompetansen våre tilsette har på ulike prosjekt uavhengig av kva kontor og fagavdeling dei tilhøyrer til dagen. Fleksibilitet er viktig for våre tilsette, og vi ser fordelen med å legge tilrette for å arbeide frå ulike lokasjonar.
Korleis fann du oss?
Eg blei tipsa av ein kontakt i Sogndal.
Kva fordelar ser du med å ha moglegheit til å leige møterom på timebasis på fus?
Her er alle fasilitetar tilrettelagt, og ein har moglegheit til å arbeide som ein ville gjort på eit vanleg kontor.
Kva fordelar har ein med å velge fus?
Det er positivt å komme rett inn i eit allereie etablert arbeidsmiljø. Ein får moglegheit til å møte nye personar og det er ein spennande blanding med bedrifter som sit her allereie. Det var kjekt å få eit innblikk i campusmiljøet i Sogndal.
Og heilt til sist, veit du kva “Fus” betyr?
Nei det gjer eg ikkje. Noko med Sogn til slutt kanskje?
FUS - uttrykk som nyttast mellom vener/søsken for å stadfeste førsteretten til noko, den som er førstemann.
«Skjønner, vi sa alltid “fritt fram for å….”»