"Vi er ikkje best i klassen"
Talen var klar frå Statssekretær Alexander Øren Heen, då han fortalte om dei nye krava til sortering som trer i kraft 1.1.2023. Norge har ein lang veg å gå når det kjem til gjenvinning og sirkulær økonomi, og vi er på ingen måte best i klassen. Faktisk er vi blant dei med høgst forbruk i heile Europa.
Arrangementet var den store Gjenvinnardagen med Simas som vertskap på den nye Miljøstasjonen i Luster. Fokuset var gjenbruk og sirkulærøkonomi.
Sjølv om beskjeden var at vi har ein lang veg å gå, og mykje å ta tak i, er det spennande ting som skjer i regionen. Mellom anna fekk vi fortelje om samarbeidsprosjektet Kaupanger Sirkulære industripark. Der skal Kaupanger Næringsforening, Vitemeir, Simas og Sogndal kommune jobbe saman for å redusere utslepp, avfall og kartlegge nye sirkulære moglegheitar.
Vi tek med oss mykje inspirasjon og ny kunnskap om potensialet som ligg i å tenke meir sirkulært i Sogndal og Sogn, og vi gler oss til å starte kartleggingsarbeidet på Kaupanger industripark.
Har du lyst å høyre meir om vårt arbeid med sirkulærøkonomi og berekraft, eller arbeida di verksemd med å bli meir sirkulær, ta gjerne kontakt med line@sognnaring.no.