Signerte partnarskap med Ostrowjec Swietokrzyski
Sogndal kommune og den polske kommunen Ostrowjec Swietokrzyski signerte tysdag partnerskapsavtale. Ordførar Arnstein Menes er saman med ein delegasjon frå Sogndal kommune og Sogn Næring i Warszawa på oppstartskonferanse. Her møtte vi ein delegasjon frå Ostrowjec Swietokrzyski med ordførar Jarosław Górczyński i spissen.
Målet med avtalen er å knytte kontakter på tvers av landegrenser og lære av kvarandre. Aktuelle temaer er entreprenørskap og næringsutvikling, korleis motverke desentralisering av distrikta, og skape levande bygder utanfor storbyane og mykje meir. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS, den polske kommuneorganisasjonen og ca 50 norske, islandske og polske kommunar og er finansiert med norske EØS-midlar.
Sogn Næring er med for å dele våre erfaringar frå vårt arbeid med næringsutvikling i ei kommune som har klart å snu trenden med fråflytting i distrikta Vi ser fram til eit godt samarbeid med våre nye polske vener i tida som kjem.