Gunnhild vil få Sunnfjord og Sogn til å le!
Å vere lastebilsjåfør og småbarnsmor kan vere ein utfordrande kombinasjon. Det er og gjerne litt pendlarveg når ein skal jobba i Sogn, så Gunnhild laga seg sin eigen arbeidsplass då ho flytta heim att til Feios.
I dag har selskapet Hill Events inngått avtale med Larris Scene om faste standup-kveldar utover hausten. Sunnfjordingane kan difor vente seg ein haust med god tilgang på latter og humor. I Sogn er potensialet framleis stort, per i dag er det ingen som tilbyr faste komediekveldar, dette ynskjer Gunnhild og Hill Events å gjere noko med.
Ei slik frisk satsing er ikkje kvardagskost i verken Feios eller resten av Sogn, faktisk er det ingen andre som tilbyr denne type tenester i vår region. Vi i Sogn Næring ynskjer selskapet lukke til med satsinga, og ser fram til å sjå arrangement i regi av Hill Events i heile Sogn, i tida framover.
Har du starta for deg sjølv og treng nokon å drøfte satsinga med? Vi tek gjerne ein prat!
Avtal eit møte med ein oss, eller skriv til oss i chatten så svara vi så fort vi kan :)