Bli mentor!

Korleis kan du bidra til inkludering på arbeidsplassen din?

Jobben gjev mange av oss ein stad å høyre til, arbeidskollegaer og ei inntekt å leve av. Du kan glede deg til helg og til feriane, du kan leggje deg trøytt og ha noko å stå opp til. Du lærer stadig noko nytt, du høyrer til ein stad.

For mange som kjem flyttande til Noreg og Sogn, er det å vere i arbeid den beste måte å lære norsk på å bli ein del av lokalsamfunnet. Nokon treng litt ekstra støtte og opplæring.

Kva?

Me tilbyr opplæring til dei som tek i mot innvandrarar på arbeidsplassane. I programmet set me fokus på tema som rettleiing og kommunikasjon, kulturell variasjon, psykisk helse og arbeid og konflikthandtering. Deltakarane vil vere med å gje programmet form. Ved å melde på tilsette bidreg verksemda i Sogn regionråd sitt arbeid for integrering og inkludering.

Kven?

Dette er for verksemder som tilbyr arbeidstrening eller har eit stort rekrutteringsbehov. Mentor er ein tilsett som ofte får ansvar for å ta i mot nytilsette og deltakarar på arbeids- og språktrening. Dei er tett på og er ein kjentmann i høve arbeidsoppgåver og livet elles på arbeidsplassen. Dei gjev opplæring, oppfølging og støtte og er motivert for å lære meir om det å vere mentor.

Korleis?

Mentorprogrammet består av fem samlingar i perioden januar til juni 2022. Verksemda gjev dei tilsette fri for å delta og får tilbake kompetanseheving innanfor viktige fagområde.

Samlingane vert haldne i Sogndal og er gratis. Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd finansierer programmet. Arbeidsplassar som må leige inn vikar kan få noko kompensasjon for deltakinga.

Påmeldingsinformasjon finn du her

Forrige
Forrige

Ny kommunal kompensasjonsordning i Sogndal kommune

Neste
Neste

Offisiell opning FUS Vik - Vik Samyrkelag