Offisiell opning FUS Vik - Vik Samyrkelag
Vik kommune, Sogn Næring og arbeidsfellesskapet Vik Samyrkelag inviterer til offisiell opning torsdag 3. februar klokka 14:00.
Det er KM Eigedom som står bak etableringa av arbeidsfellesskapet i den historiske bygningen på Vikøyri. Her har det dei siste åra vore kafé (Kafé Øyri), men ein vel no å ta tilbake namnet Vik Samyrkelag.
Vik kommune har kjøpt to plassar i arbeidsfellesskapet som skal nyttast inn mot etablerarar, samarbeidsprosjekt i næringslivet og for studentar på høgare nivå. Det er Sogn Næring som driv plassane på vegne av kommunen. Arbeidsfellesskapet vert soleis ein del av FUS som er ein distribuert struktur av arbeidsfellesskap i Sogn. Førebels finn du arbeidsfellesskap i Kaupanger, Leikanger, på Campus og no altso i Vik.
3. februar er det klart for snorklypping og DU er invitert. Her møter du representantar for næringsliv, kommune, byggeigar og næringsapparat. Det vert enkel severing.
Du får høyre historia bak Vik Samyrkelag og om ambisjonane med arbeidsfellesskap i Sogn framover og fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Roy Egil Stadheim står for den offisielle opninga.
Velkommen!